Onsdag 17.09 – Morgonutdeling
Kl. 07.00–08.30, Knarvik terminal
Morgonutdeling til alle som reiser kollektivt, syklar og går.
Torsdag 18.09 – Sykkelshow og aktivitetar
Kl. 11.00–12.00 Sykkelshow, Sagstad skule
Vi feirar Mobilitetsveka 2026 med eit spektakulært sykkelshow med MOOW.
Kl. 17.00–19.00, sykkelshow på AMFI Knarvik (Knarvik Senter)
Vi feirar Mobilitetsveka 2026 med eit spektakulært sykkelshow med MOOW. Showet blir halde innandørs i AMFI Knarvik (Knarvik Senter)
På AMFI Knarvik blir det også gratis sykkelservice. Syklar kan leverast frå kl. 17. Tilbodet om sykkelservice gjeld dei syklane mekanikarane rekk over i løpet av arrangementet, så det vil vere lurt å levere sykkelen inn i god tid før arrangementsslutt.