Kjøp eitt piggdekk, så spanderer vi det andre!

Er du klar for å sykle i vinter? I samarbeid med lokale aktørar piggar Miljøløftet opp sykkelen din for vinteren 2026/27.

Stadig fleire ønskjer å sykle heile året, og når vinteren kjem er det viktig å vere førebudd. Då treng du piggdekk.

Miljøløftet går igjen saman med sykkelbutikkar og andre lokale aktørar slik at du kan sykle trygt hele vinteren: Kjøper du det eine piggdekket, spanderer vi det andre. Omlegging er også inkludert. Det einaste du treng å gjere er å svare på eit kort spørjeskjema om vintersykling, anten i butikken eller på førehand. 

Slik fungerer det: 

  1. Betal for eitt piggdekk, så får du det andre.  Omlegging er inkludert.
  2. Vi dekker opptil kr 1100,- inkl. mva. for eitt piggdekk. I tillegg dekker vi  kostnad for omlegging.
  3. Har du eigne piggdekk, dekker vi omlegging. NB: Talet på omleggingar på dekk du har med er begrensa.
  4. Ta kontakt med ein av sykkelbutikkane/aktørane nedst på sida og bestill time.
  5. Ta undersøkinga om vintersykling under. Du kan også ta den i butikken. Vis fram skjermbilde av siste sida i undersøkinga for å få tilbodet.  

Her er det førstemann til mølla! Talet på dekk og omleggingar er begrensa. Kampanjen gjeld frå 19. oktober til 1. desember 2026, eller så langt lager og budsjett rekk. 

Her er lenke og QR-kode til spørjeskjema: 

Klikk her for å gå til spørjeskjema 

Du kan også klikke på bildet av QR-koden og scanne det: 

Butikkar og lokale aktørar der du kan få  piggdekktilbodet:

Bergen 

Sykkelbutikken, Kanalveien 107. Tlf: 55 36 18 80
Nettside for verkstad:
https://sykkelbutikken.no/content/9-verksted
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du på telefon eller på e-post:
verksted@sykkelbutikken.no
Skriv inn referanse Miljøløftet i eposten.

Trek Bergen, Fjøsangerveien 207. Tlf: 55 27 14 50
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du her: https://service.trekbergen.no/
Bruk kampanjekoden Miljøløftet når du bestiller time.

Unaas Cycling Bergen, Kanalveien 66, 5068 Bergen.  
Epost: bergen@unaas.no
Telefon: 944 22 225
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du her:  https://unaascycling.no/pages/booke-service-i-en-av-vare-butikker
Du kan også bestille time ved verkstaden i butikken. 

Pedalen sykkelverksted, Agnes Mowinckels gate 6. Tlf: 55 61 20 00
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du her: https://pedalenbergen.bestille.no/OnCust2/#!/
Skriv inn referanse Miljøløftet i bestillinga.

Bici Bergen, Nye Sandviksveien 73A. Tlf: 941 51 720
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du her: 
https://bicibergen.as.me/schedule.php
Skriv inn referanse Miljøløftet i informasjonsfeltet om dekk/sykkel 

Cyclofix,   Conrad Mohrs veg 25. Tlf: 922 20 919
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du her: 
https://www.cyclofix.no/tjenester
Skriv inn referanse Miljøløftet i meldingsfeltet. 

Utført Sykkelverksted ved Tøger Trettsveen, Ulsmågveien 30, 5224 Nesttun. Tlf: 412 34 001
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du på telefon eller her: 
utfort.sykkelverksted@gmail.com
Skriv inn referanse Miljøløftet når du bestiller time.
Du kan også kontakte Utført på sosiale medium: https://www.instagram.com/utfort.sykkelverksted/
https://www.facebook.com/profile.php?id=100083342977268

Alver
Sport1, Atleten, AMFI Knarvik, Tlf: 56 35 04 15. 
Tider for dekkskift: 10. og 11. november, kl. 17–19

Askøy 
BUA Kleppestø, Klampavikvegen 1 (kjellaren på Rådhuset).
Tider for dekkskift: 9. og 16. november, kl. 17–19
Bestill dekkskift direkte hjå reparatøren Cyclofix: https://www.cyclofix.no/tjenester
Skriv inn referanse Miljøløftet Askøy i emnefeltet.
Du kan også bestille på telefon: 922 20 919. 

Bjørnafjorden 
Livskvalitet Ski og sykkelverksted, Brugata 7, Osøyro. Tlf: 489 54 297. 
Lenke til nettside
Lenke til facebookside
Opningstider: Måndag til fredag: Kl. 10–15. 

Øygarden 
Basecamp, Sartor senter, Straume, Tlf: 403 37 729. 
Nettsider: https://www.basecamp-sotra.no/tiltak/sykkelverkstaden/

Hugs lys, refleks og bremser! 

I tillegg til piggdekk er det også viktig å ha lys og refleks på plass i perioden med mørke, snø, is og kulde. 

Godt lys er ikkje berre viktig, det er faktisk også påbode. Det er påbod om gult eller kvitt lys framme og raudt lys bak. I tillegg er det påbode med raud refleks bak, og gul eller kvit refleks på begge sider av pedalane.

Det er også lurt å ha refleks på kleda i skumring og mørke. Og ikkje minst: Sjekk at du har fungerande sykkelbremser. Godt sykkelvedlikehald er ekstra viktig om vinteren.

 

Les meir om trygg vintersykling