Velkommen til Mobilitetsveka 2026

Mobilitetsveka er ei årleg feiring av miljøvennlege reiseformer, og blir markert i heile Europa. Årets tema er grøne reiser heile livet. Veka varer frå 16. til 22. september, men vi tjuvstartar alt 14. september med å feire nye elbåtar på linja Bergen–Kleppestø.

På engelsk er temaet formulert som "Mobility for everyone", med undertittelen "Intergenerational Fairness": Det handlar om at alle skal ha rett og tilgang til berekraftig transport gjennom alle livsfasar, frå ung til eldre. 

Gjennom heile veka er det aktivitetar og arrangement i alle Miljøløftet-kommunane: Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden. 

Under bilfri dag i Bergen sentrum laurdag 19. september vil vi vise i praksis korleis byrom kan bli når ein gir meir plass til menneske og mindre til bilar. 

Her kan du lese heile programmet for Mobilitetsveka. 

Vi håpar du har lyst til å besøke eit av arrangementa våre. Og bruk gjerne veka til å prøve ut  nye reisevanar: La bilen stå ein dag, og test ut sykkelen eller prøv busstilbodet der du bur. 

Om europeisk mobilitetsveke

Europeisk mobilitetsveke har som mål å synleggjere korleis du kan reise meir miljøvennleg, samtidig som du dekker transportbehovet ditt. Mobilitetsveka blir arrangert kvart år frå 16. til 22. september over heile Europa. I 2025 deltok over 2700 byar og tettstadar i 46 land.  Mobilitetsveka er dermed Europas største kampanje for miljøvennleg transport. Les meir på nettsidene til Europeisk mobilitetsveke

Under ser du nokre bilete frå Mobilitetsveka 2025. 

I ein tidlegare versjon av denne saka sto det at det vil bli ei markering av nye elbåtar på strekninga Kleppestø–Bergen den 14. september. Denne markeringa er utsett til 20. oktober.