Dette er Miljøløftet
Gjennom byvekstavtalane samarbeider dei tre forvaltningsnivåa stat, fylkeskommune og kommune om det nasjonale målet om nullvekst i persontransport med personbil.
Miljøløftet er samarbeidet om byvekstavtalen for bergensområdet. Avtalen er inngått mellom Samferdselsdepartementet (med Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet), Kommunal- og distriktsdepartementet (med Statsforvaltaren i Vestland), Vestland fylkeskommune og kommunane Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden.
Bompengepakken Bypakke Bergen (Prop. 11 S) er også ein del av Miljøløftet, men avgrensar seg geografisk til Bergen kommune.
Prosjekt og tiltak i Miljøløftet skal bidra til å nå nullvekstmålet og til eit miljøvennleg, effektivt og trygt transportsystem som gir god mobilitet for innbyggarar og næringsliv. Byvekstavtalen sikrar ein meir heilskapleg bruk av verkemiddel enn det partane kan oppnå kvar for seg, fordi den omfattar statlege, fylkeskommunale og kommunale tiltak både på areal- og transportområdet. Miljøløftet skal bidra til ei framtidsretta utvikling av bergensområdet.
Du vil merke effekten av tiltaka i Miljøløftet ved at
- det blir enklare og tryggare å gå og sykle
- kollektivtilbodet blir betre
- vegane blir tryggare og trafikkavviklinga meir effektiv
- byromma blir trivelegare og grønare med plass til fleire menneske og færre bilar
- lufta vi pustar inn blir betre.