

Solfylt feiring av grøne hurtigbåtar
– Det er eit offentleg ansvar å få hurtigbåtutsleppa ned og teknologien opp. Dette gjev klimagevinst, og fører samstundes til sysselsetting og verdiskaping langs kysten, sa klima- og miljøminister Sigrun Aasland då ho markerte at Askøyruta har fått to nye elbåtar, og med det blitt eit av dei første heilelektriske hurtigbåtsambanda i Noreg.
Deretter gjekk ho ombord på MS Kleppestø, saman med fylkesordførar Stian Davies og ordførar på Askøy, Yngve Fosse.
Bakteppet for båtturen var den statlege satsinga på utsleppsfrie hurtigbåtar, der regjeringa no har føreslege ytterlegare ein kvart milliard til hurtigbåtprogrammet.
Ein del av finansieringa til dei nye Askøy-båtane kjem også gjennom Miljøløftet, i form av statlege belønningsmidlar til kollektivtransport. Dei siste tre åra har desse midlane bidratt med rundt 50 mill. kroner til elbåtane på Askøysambandet og til ny hybridbåt på ruta til Frekhaug og Knarvik i Alver kommune.
Elektrisk og køfritt
Markeringa var eigentleg tenkt å gå av stabelen tidlegare i haust, men måtte av ulike årsaker bli utsett. Det var kanskje ikkje det verste som kunne ha skjedd, for denne tysdagen viste både Bergen og Byfjorden seg frå sine vakraste sider, med blå himmel og skinande sol.
– Det er uvant for ein askøyværing å få sola i augene, sa fylkesvaraordførar Stian Davies då han ynskte velkomen ved Strandkaiterminalen.
Davies omtalte elektrifiseringa av Askøysambandet som «ein liten revolusjon».
– Vi har gått frå ein fossilbåt til to heilelektriske hurtigbåtar. Når båten går oftare, blir det enklare å velje det beste alternativet, som også er køfritt, sa han.
Lokal teknologi
– Har du vore ombord i MS Kleppestø eller MS Florvåg, merker du skilnaden nesten med det same. Der er det god plass, god komfort og nesten heilt stille. Elmotoren er knapt å høyre. Det kjennest nesten som om du berre flyt over fjorden. Og det går unna. Med 14 minutt frå kai til kai har vegen mellom Askøy og Bergen blitt kortare, sa Stian Davies.
Davies var samstundes oppteken av å få fram at båtane er bygd på Vestlandet, hjå Brødrene Aa, med batteri som kjem frå det bergensbaserte selskapet Corvus Energy.
– Når vi som offentleg innkjøpar stiller tøffe klimakrav, bruker vi innkjøpsmakten vår til å drive fram ny teknologi langs kysten vår, sa han.
– Vi er på veg til 2050, til lågutsleppssamfunnet, sa klima- og miljøminister Sigrun Aasland, som elles kunne røpe at ho budde på Askøy som lita jente tidleg på 1980-talet.
Aasland peikte på at skipsfart står for om lag åtte prosent av dei norske klimagassutsleppa, og at berre ni prosent av energien som vert brukt på sjøen er klimavenleg.
– Den andelen skal opp, og det går an, sa ministeren, og viste både til eksisterande teknologi og til rivande teknologiutvikling.
Først ferjer, no hurtigbåtar
– I 2015 vart MF Ampere sett på vatnet. Det var éi elektrisk ferje. I dag 11 år seinare har vi 85 av dei. Elektriske ferjer er blitt ein heilt vanleg del av ferjenettet vårt, og ingen løftar på augebryna over det lenger. Dette skjedde fordi nokon turte å bestille, fordi andre turte å byggje og fordi det offentlege gjekk føre og satsa på teknologi.
– Dette har gjeve ein sterk heimemarknad for maritime batteri, og det har gjort Noreg til ein verdsleiande eksportør, sa statsråden.
Men Aasland peikte samstundes på at utfordringa er større når det gjeld hurtigbåtar . Dei årlege utsleppa frå slike båtar er på om lag 130 000 tonn, tilsvarande utsleppa frå 70 000 bilar.
– Dette er ikkje private utslepp, det er offentlege utslepp, som fylkeskommunane kjøpar og som skattebetalarane betaler for, og det er eit offentleg ansvar å vise veg, å få utsleppa ned og teknologien opp. Difor har vi satt av pengar gjennom Hurtigbåtprogrammet. Vi ser at desse pengane gjer ein forskjell, understreka ho.
– Det er smart å ha gjort som dykk, å ha vore i forkant, å ha gjort jobben, å ha fått utvikla teknologien og fått prøvd den ut.
Norske løysingar for verdsmarknaden
– Når vi lukkast med omstilling i skipsfart gjev det jo ikkje berre reduserte utslepp, det gjev også sysselsetting, det gjev verdiskaping langs kysten. Eksportpotensialet er stort. Sjølv om utsleppa frå bybåtsambanda her i Bergen kanskje er små i det store biletet, er det nettopp denne typen løysingar som driv oss framover. Desse løysingane kan nyttast overalt. I 2050 er eg viss på at det siglar slike båtar som dette i heile verda. Eg er også ganske sikker på at dei kjem til å ha norsk teknologi ombord, sa statsråd Aasland.
Fjord1 hadde omvisning på båten, og klima- og miljøministeren fekk besøke kaptein og styrmann på brua. Teknologi og prosjektdirektør Nils Kristian Berge fortalte ministeren om Fjord1 sitt arbeid med ny teknologi på sjøen.
Direktør Målfrid Vik Sønstabø var med som representant for Skyss og fortalde også litt om arbeidet med anskaffingar og oppfølging av kontraktar.
Med på overfartane var også musikkelevar frå Langhaugen vidaregåande skole. Viktor Kochkin spelte gitar og Christina Wivestad Jansson spelte cello for dei reisande, og alle passasjerane fekk bollar og kaffi.
Tekst: Øyvind Strømmen/Skyss
Foto: Ingrid Dreyer/Skyss
Foto øvst i sak: Fylkesvaraordførar Stian Davies og Askøy-ordførar Yngve Fosse tok turen med MS Kleppestø saman med klima- og miljøminister Sigrun Aasland. Foto Ingrid Dreyer/Skyss.
Karusell som viser flere bilder. Den kan navigeres ved å bruke piltastene, eller ved å trykke på knappene for forrige og neste bilde. Du kan også klikke på bildet for å få en større versjon. Etter du har klikket på bildet kan du fortsatt navigere mellom bildene i karusellen i en større versjon.







