Lunsjseminar: Smarte reiser – betre trafikkflyt
Korleis kan vi bidra til at trafikken flyt betre?
I samband med bygginga av nytt sotrasamband, vert det gjennomført ei rekkje tiltak som skal sikra best mogleg trafikkflyt mellom Øygarden og nabokommunane fram til sambandet står klar til bruk i 2027.
Målet er at fleire reisande erstattar bil med buss, samkøyring, sykkel eller gange. Korleis fungerer tiltaka? Kva kan andre læra av arbeidet med å få ned personbiltrafikken?
Som ein del av Mobilitetsveka 2024 inviterer vi til lunsjseminar i kultursalen i Øygarden rådhus på Straume onsdag 18. september kl. 11.00–12.30.
Seminaret er gratis og ope for alle.
Program
-
Velkomst ved ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik
-
Samkøyring gjennom appen NaboGo er blitt ein suksess. Korleis kan vi få endå fleire til å reisa saman?
Kari Steinsland, leiar av avdeling for ny mobilitet i Skyss, orienterer om prosjektet og erfaringane til no.
Her kan du lesa meir om samkøyringsprosjektet i Øygarden og på Askøy.
Her kan du lesa meir om appen Nabogo.
-
God trafikkflyt i anleggsperioden
Gjennom prosjektet God flyt vert det gjennomført eit 50-tals tiltak som skal bidra til færre personarbilar på vegane og betre trafikkflyt.
Prosjektleiar Nina Forland Klepsvik i Øygarden kommune orienterer om status og effekt så langt.
-
Spørsmål
Det blir servering av bagettar, kaffi og te.
Vi treng berre namn og telefonnummer. Påmelding er gratis og arrangementet er ope for alle.
Det kan koma endringar og tilføyingar i programmet.
Lunsjseminaret blir arrangert av Øygarden kommune og Miljøløftet