Velkommen til Mobilitetsveka 2024

Måndag 16. september er det klart for Mobilitetveka, veka der vi feirar og viser fram miljøvennlege reiseformer. Årets tema er delte offentlege rom, at vegar og byrom gir plass til alle.

Gjennom veka, frå 16. til 22. september, er det aktivitetar og arrangement i alle Miljøløftet-kommunane: Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden.

På programmet står spektakulære sykkelshow, trialløyper for barn, gratis sykkelservice og mykje anna. 

Under bilfri dag i Bergen sentrum vil vi vise i praksis korleis byrom kan bli når ein gir meir plass til menneske og mindre til bilar. 

Program med tider blir oppdatert og lagt ut her når det er klart. 

Bruk gjerne veka til å prøve ut å la bilen stå, og heller sykle, gå eller reise kollektivt. Då blir det meir plass på vegen til alle. 

Om europeisk mobilitetsveke

Europeisk mobilitetsveke har som mål å synleggjere korleis du kan reise meir miljøvennleg, samtidig som du dekker transportbehovet ditt. Mobilitetsveka blir arrangert kvart år frå 16. til 22. september over heile Europa. I 2022 deltok over 3000 byar og tettstadar i 45 land.  Mobilitetsveka er dermed Europas største kampanje for miljøvennleg transport. Les meir på nettsidene til Europeisk mobilitetsveke

Under ser du nokre bilete frå Mobilitetsveka 2023.