

Kampanjar og arrangement
Kvart år har Miljøløftet kampanjar og arrangement for å få fleire til å velje grøne reisevanar. Kanskje du kan la deg inspirere?
Dei neste åra blir vi endå fleire menneske i bergensområdet, og endå fleire skal reise til arbeid, skule og fritidsaktivitetar kvar einaste dag.
Om alle dei nye reisene skal bli tatt med personbil, blir det trongt om plassen på vegane. Det skapar køar, støy og det er dårleg for klimaet.
Derfor er ein del av oppgåva til Miljøløftet å oppfordre og inspirere til å velge bilen litt sjeldnare – og gå, sykle eller ta kollektiv litt oftare.
Her ser du nokon av kampanjane og arrangementa vi har hatt, og kan møte folk som har tatt grøne reiseval i kvardagen.
Ikkje berre er dei med å skape eit betre bymiljø, mange opplever også å få noko igjen for vala sine: At dei sparar tid eller pengar, kjem i betre form, eller berre får ein friskare start på dagen.
Foto øvst i sak: Sykkelservice i Solheimsviken under Byt gir-kampanjen i 2025. Fotograf: Thor Brødreskift.