

Byt gir – vel sykkelen
Kva kan du tene på å byte ut bilen med sykkel eller el-sykkel? Kan du spare tid, kan du spare pengar, kan du kome i betre form? Eller berre få ein litt friskare start på dagen?
Også i vår inviterer vi deg til å byte gir, og prøve ut sykkelen til jobb. Om det er fem dagar i veka eller eit par gonger i månaden, så er du velkommen til å teste det ut. Kanskje det er noko du kjem til å fortsetje med?
Gratis sykkelservice
I april og mai har vi gratis sykkelservice og prøving av elsyklar fleire stader i Miljøløftet-kommunane. Vi har også lodda ut arrangement med gratis sykkelservice til tre heldige arbeidsplassar. Fleire av arrangementa er opne for alle interesserte.
Sjå tider og stader for gratis sykkelservice her

Få tips av erfarne jobbsyklistar
Vi har snakka med fleire erfarne jobbsyklistae I filmane under kan du sjå kvifor dei vel å sykle, og få nokre gode tips til kva som kan gjere sykkelturen lettare og vanane meir varige.
Sykkeltips frå Hannah
Sykkeltips frå Malin
Sykkeltips frå Tom
Sykkeltips frå Amy
Sykkeltips frå Arve
Sykkeltips frå Ingrid
Sykkeltips frå Randi
Bli med på Sykle til jobben
Noregs største aktivitetskampanje varer i år frå 5. mai til 14. juni. Du kan melde deg på som lag eller individuelt, du kan konkurrere med deg sjølv eller andre, og du er med i trekninga om å vinne fine premiar undervegs. Du bidrar til grønare reisevanar og mindre utslepp – og attpåtil kjem du i betre form.
Les meir og meld deg på Sykle til jobben her