

Organisering
Miljøløftet er organisert i ei styringsgruppe, ei administrativ koordineringsgruppe kalt prioriteringsrådet, eit sekretariat og geografiske arbeidsgrupper.
Styringsgruppa
Styringsgruppa har hovudansvaret for styring og koordinering av Miljøløftet, basert på prinsipp om porteføljestyring og mål- og resultatstyring. Dei avgjer mellom anna kva prosjekt som skal prioriterast og korleis pengane i Miljøløftet skal brukast. Medlemmene er ordførarar eller byråd frå dei fem avtalekommunane Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Øygarden og Bergen, fylkesordførar og representantar frå dei statlege partane Statens vegvesen, Jernbanedirektoratet og Statsforvaltaren. Styringsgruppa blir leia av vegdirektøren.
Prioriteringsrådet
Prioriteringsrådet er den administrative koordineringsgruppa i Miljøløftet. Rådet består av representantar frå administrasjonen hos partane, og fungerer som eit førebuande og rådgivande organ for styringsgruppa. Som regel blir saker behandla i prioriteringsrådet, som foreslår vedtak, før dei blir behandla i styringsgruppa.
Geografiske arbeidsgrupper
Miljøløftet har fire geografiske arbeidsgrupper, med ansvar for kvar sin del av avtaleområdet. Dei fire arbeidsgruppene er: Nord-aust (Alver kommune og bydelane Åsane og Arna), Vest (Øygarden og Askøy kommunar, og ytre del av Laksevåg bydel), Sør (Bjørnafjorden kommune og bydelane Fana og Ytrebygda) og Sentrum (Bergenhus, Årstad, Fyllingsdalen og Indre Laksevåg).
Arbeidsgruppene er sett saman av fagpersonar hos partane, på tvers av etatar, og vurderer prosjekta i porteføljen innanfor sitt område.
Sekretariatet
Sekretariatet er eit saksførebuande organ som koordinerer samarbeidet og oppfølginga av byvekstavtalen på vegne av alle partane i Miljøløftet, og legg til rette for god porteføljestyring og rapportering av økonomi og måloppnåing. Sekretariatet førebur saker for prioriteringsrådet og styringsgruppa, og skal sørge for at det blir utarbeidd saksunderlag og faglege utgreiingar som er nødvendige for Styringsgruppa sine beslutningar. Sekretariatet har også eit særskilt ansvar for kommunikasjon.