Sykle til jobben! Du kan framleis melde deg på

Sykle til jobben er ein aktivitetskampanje for alle. Kampanjen varer heilt fram til 17. juni, så du kan framleis melde deg på.

Det er gratis å delta for alle innbyggarar i alle Miljøløftet-kommunane: Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden. 

Heile landet i aktivitet

Sykle til jobben er ein landsdekkande kampanje, med mål om å få flest mogleg i aktivitet. Og all aktivitet tel altså, om det er sykling, dans, gåing springing, symjing eller turar i fjellet. Alle som registrerer aktivitetane sine er med i trekninga om fine premiar. 

Les meir om Sykle til jobben og meld deg på her: