- Kommune: Bjørnafjorden kommune
- Tiltaksområde: Annet, Areal- og knutepunktsutvikling, Gange, Kollektiv, Trafikksikkerhet
- Finansieringskilde: Statlige belønningsmidler
Prosjektet er ei oppfølging av strategi for grøn mobilitet i Bjørnafjorden kommune. Midlane i prosjektet kan til dømes gå til kartlegging, planlegging og prosjektering av større og mindre grøne mobilitetstiltak. Midlane kan også gå til mindre utbyggingar, slik som fortau kombinert med andre utbetringar i kommunal regi.
Nokre av midlane vil gå til kartleggingar og utgreiingar med sikte på å utvikle nye prosjekt i Miljøløftet dei neste åra. Det kan særleg vere til snarvegar i regionsenteret og til kollektivhaldeplassar og trygg sykkelparkering.
I 2025 blei det brukt ein del midlar til reguleringsplan for innfartsparkering og kollektivterminal i Osøyro.