- Kommune: Øygarden kommune
- Tiltaksområde: Gange, Sykkel, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
- Finansieringskilde: Statlige belønningsmidler
- Status: Planleggingsfasen
Øygarden kommune vedtok i 2025 ein ny trafikktryggleiksplan, saman med ei liste over konkrete tiltak for å betre trafikktryggleiken. Ei sentral målsetjing i planen er at trafikktryggleiksarbeidet skal gjere det meir attraktivt å gå, sykle eller reise kollektivt.
Planen inneheld nær 200 mindre tiltak på både kommunale og fylkeskommunale vegar. Tiltaka kan til dømes vere vegbelysning eller intensivbelysning ved enkle gangfelt, skilt- og oppmerkingstiltak eller utbetringar av kryss og gangfelt. Ei rekke av tiltaka ligg på skuleveg eller i nærmiljø/senterområder der mange ferdast.
Kommunen ønskjer å bruke belønningsmidlar gjennom Miljøløftet til å gjennomføre tiltak frå planen.