Loddefjord Terminal

Kart som viser posisjonen til prosjektet
  • Kommune: Bergen kommune,
  • Tiltaksområde: Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
  • Satsingsområde byvekstavtale: Kollektiv
Dagens Loddefjord terminal har for lite kapasitet til å dekkje etterspurnaden for kollektivtransport i området. Den har både for få haldeplassar og for lite areal til bussar som treng eit pauseopphald mellom avsluttande/startande ruter. 

I tillegg har terminalen ei utforming som gjer at mange gjennomgåande bussar har unødvendig tidstap når den skal betenast. Det er difor ønskjeleg at terminalen blir bygget om med meir kapasitet og nye vegløysingar som gir mindre tidstap.

Tilbod for gåande og syklande er ikkje optimal på terminalen og i området kring. Dette gjeld både i høve trafikktryggleik og framkomst. Det er ein del utflytande køyre-/parkeringsareal som kan byggast om til opphaldsareal for mjuke trafikantar, t.d. torgareal. Det er ønskjeleg å finne løysingar som gir meir areal til gåande/syklande og å stramme opp/redusere område til privatbilar.
 
 
Foto: Google Streetview