- Kommune: Bergen kommune, Bergenhus
- Tiltaksområde: Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel, Kollektiv
- Kostnad: 7 mill. kroner
- Finansieringskilde: Fylkeskommunale midler
- Status: Planleggingsfasen
Prosjektet vil gi betre prioritering av buss gjennom sentrum ved å forlenge kollektivfeltet frå Festplassen til Torget.
Dette skal gjerast ved å optimalisere faseplanar, slik at venstre felt nordover i større grad kan reindyrkast som kollektivfelt. Dette grepet resulterer i god framkomst for buss heile døgnet, og noko redusert framkomst for bil i rushtida.
Dette er vurdert til å vere akseptable konsekvensar, for å nå nullvekstmålet.
Tiltaka vert kombinert med fysiske endringar i krysset Torgallmenningen/Strandkaien og over Torget, der ein får prioritert buss, gåande og syklande opp på strekninga.
Dette er eit område med låg prioritet av mjuke trafikantar, og ei skeivfordeling av areal prioritert mellom miljøvennleg ferdsel og biltrafikk. Tiltaka er å sjå på som strakstiltak for å betre ein flaskehals i sykkelnettet i Bergen sentrum. Tiltaka som blir etablert nyttar seg av dagens køyreareal, og dette krev ombygging av kryss og fordeling av felt.
Prosjektet betrar kollektivprioriteringa gjennom sentrum, ved å gi meir samanhengande kollektivfelt mellom Torget og Festplassen. Prosjektet gir også betre framkomst for gåande og syklande over Torget og Torgallmenningen ved å separere desse trafikantgruppene.
Prosjektet er tenkt som eit strakstiltak for å betre ein kritisk strekning i sykkelvegnettet.
Det er svært viktig å få betra situasjonen her i påvente av permanente løysingar gjennom denne delen av sentrum.
Tiltaket treng disposisjon frå gjeldande reguleringsplan for Bybanen (bybanen over Torget/Bryggen). Tiltaket må byggesakshandsamast og skiltplan må godkjennast.
Foto: Google Streetview.

