Innfartsparkering Knarvik

Kart som viser posisjonen til prosjektet
  • Kommune: Alver kommune
  • Tiltaksområde: Innfartsparkering, Kollektiv
  • Satsingsområde byvekstavtale: Innfartsparkering
Prosjektet inneber å etablere innfartsparkering i Knarvik sentrum.
 
Busettingsmønsteret og flatedekninga til kollektivtrafikken i Alver gjer det urealistisk for mange å reise kollektivt på heile reisa si. Etablering av innfartsparkering i tilknytning til Knarvik kollektivterminal er derfor eit viktig bidrag til å redusere biltrafikken inn mot Bergen.
 
I tråd med strategien for innfartsparkering ønsker Alver kommune å etablere innfartsparkering som sambruk med sentrumsparkering, kjøpesentre eller kultur-/idrettsanleggEit felles parkeringsanlegg i Knarvik kan slik vere eit viktig bidrag for å realisere måla i Knarvikplanen, særleg med tanke på reduksjon av interntrafikk og utvikling av Knarvik som ein gangvennleg tettstad. 
 
Målet med prosjektet er ikkje berre å handtere parkeringsproblemer, men å styre etterspørselen etter bilbruk og fremme bærekraftig mobilitet. Moglege løysingar skal utgreiast nærare. 
 
 
Foto: Google Streetview