- Kommune: Alver kommune, Askøy kommune, Bergen kommune, Bjørnafjorden kommune, Øygarden kommune
- Tiltaksområde: Miljøvennlig teknologi og innovasjon
- Satsingsområde byvekstavtale: Miljøvennlig teknologi og innovasjon
- Status: Planleggingsfasen
Føremålet med prosjektet er å oppdatere trafikkmodellen Aimsun for Bergensområdet. Resultatet skal vere eit oppdatert utgangspunkt for trafikkanalysar i området dei neste 5 til 10 åra. Tilpassingar vil vere nødvendig for kvart prosjekt.
Aimsun er ein trafikkmodell som blir nytta til analyse av trafikale tiltak. Tiltak kan vere ny bybanelinje, bruk av signalplanar, stenging av vegar og liknande. Resultata frå modellen vil typisk vere verknaden av tiltaka på trafikkavvikling, reisetider og ruteval. Analysane av modellresultata er sentrale for avgjerdstakarar når ulike tiltak og løysingar skal vurderast.
Trafikkanalysar og bruk av Aimsun som verktøy er eit fagleg handverk. Tillit til analysen er avhengig av om trafikkmodellen klarer å gjennskape dagens situasjon og at verknader av tiltaksberekningar er realistiske. Tilliten til modellen er også avhengig av at inngangsdata er oppdaterte og omforente. Modellen og grunnlaget bør vere godt dokumentert slik at føresetnadene er transparente og etterprøvbare.
Den første store Aimsun-modellen for Bergensområdet vart utvikla i 2017. Den siste store oppdateringa av trafikkgrunnlaget (O-D matrisene med biltuer) i modellen vart gjort i Trafikkplan sentrum-prosjektet i 2018. Det er utvikla fleire Aimsun-modellar etter dette. Dei som omfattar sentrum byggjer i hovudsak på Trafikkplan sentrum-modellen og "klipper ut" grunnlaget (vegnett, kollektivruter, signalplanar o.l.). Dette grunnlaget byrjar å bli utdatert og har behov for oppdatering.

Ein god trafikkmodell kan bidra til å finne gode løysingar for trafikkavvikling og optimalisering av løysingar. Den kan bidra til å finne dei beste løysingane for kollektivtrafikken som gir akseptable løysingar for tilgjengelegheit med personbiltrafikken og næringsliv. Det er sånn sett eit viktig verktøy for oppnåing av nullvekstmålet.
Resultatet kan nyttast i dei fleste større infrastrukturprosjekt i Bergensområdet der det blir brukt trafikkmodell i trafikkanalysen.