- Kommune: Bjørnafjorden kommune
- Tiltaksområde: Gange, Sykkel
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
- Status: Planleggingsfasen
Føremålet med prosjektet er ein ny gang- og sykkelveg mellom Lyseparken og Byvegen. Prosjektet vil kople saman ny E39 og Byvegen (gamal E39).
Det vil sikre ein samanhengande gang- og sykkelveg frå Nesttun i Bergen til Lysefjorden og frå Osøyro til Lysefjorden.
Reguleringsplan for ein trasé mellom Lyseparken og Søfteland kan godkjennast våren 2026.
I samband med kommuneplanens arealdel skal kommunen greie ut fleire traséar. Det er ein mogleg kortare trasé via Hetlefloten. Denne blei forkasta etter vurdering av at det vil vere kostbart. Det er også meir stigning via Hetlefloten enn til Søfteland.
Dersom Vestland fylkeskommune trekker motsegn til rekkefølgekrav til Lyseparken kan kommunen vurdere enklare standard / ikkje ha krav til universell utforming.
Foto: Google Street View, ved Lyseparken innfartsparkering.

