- Kommune: Bergen kommune, Fana
- Tiltaksområde: Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
Delstrekninga er eit ledd i å binde saman gang- og sykkeltilbodet frå Fana og Ytrebygda med sykkeltilbodet frå sentrum og Fyllingsdalen. Strekninga som inngår i delstrekning 4A, og som går frå Gamlehaugen bru til sør for Kanalvegen, er i underkant av 1400 m. På grunn av uvissa om framtidig traseval for Ringveg aust er det vedteke å vente med det vidare arbeidet med ei fullverdig løysing forbi Fjøsangerkrysset inkl. tilkopling mot Straumevegen.
I planforslaget vil ein difor leggje til grunn ei forenkla løysing for sykkelstamvegen på strekninga frå Gamlehaugen og forbi Nyhauglia. Gåande vil framleis nytte dagens trasé i Nyhauglia med blanda trafikk, syklande får eige tilbod med 3 m brei sykkelveg langs rampa til E39. På strekninga vidare nord til Kristianborg bybanestopp (delstrekning 4B) blir det planlagt fullverdig sykkelstamveg, som blir kobla til dagens gang- og sykkelveg i nordre enden av Kristianborgvannet.
Tilkopling mot Straumevegen i Fjøsangerkrysset skal i utgangspunktet inngå i prosjektet. Tiltak på vestsida som krev regulering blir planlagd av Vestland fylkeskommune og vil inngå i ein felles reguleringsplan.

