Sykkelstamveg Bergen: Delstrekning 4B Kanalveien–Kristianborg

Kart som viser posisjonen til prosjektet
  • Kommune: Bergen kommune, Årstad
  • Tiltaksområde: Areal- og knutepunktsutvikling, Gange, Sykkel, Trafikksikkerhet
  • Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
  • Status: Planleggingsfasen
Delstrekning 4B av sykkelstamvegen er eit ledd i å binde saman gang- og sykkeltilbodet frå Fana og Ytrebygda med sykkeltilbodet frå sentrum og Fyllingsdalen fram til Kristianborg bybanestopp. 
 
Strekninga som inngår i delstrekning 4B går frå like sør for Kanalveien til Kristianborg bybanestopp, ca. 400 m. Prosjektet vil resultere i ein fullverdig sykkelstamveg, ein sykkelveg med fortau. Gåande kryssar under Kanalveien i eksisterande kulvert, sykkelveg under Kanalveien vil gå i ny kulvert.
 
Kanalveien får endra linjeføring frå rundkjøring E39 til kryss med Conrad Mohrs veg.  Sykkelveg med fortau vil halde fram til Kristianborg bybanestopp der den koblar seg på eksisterande sykkeløveg vidare mot Bergen sentrum.
 
Planlegginga har også omfatta omlegging av første del av Kanalvegen, frå rundkøyring med E39 til sør for Conrad Mohrs veg. Bygginga av delstrekning 4B må gjennomførast samtidig med omlegging av Kanalveien og utbygging av delfelta S1-S4 i områdeplan for Mindemyren og øvrige infrastrukturtiltak i området. 
 
Sykkelstamvegen dannar ryggrada i sykkelvegnettet i Bergen. Behovet for tiltak blir forsterka av den store fortettinga og utbygginga som skjer sentralt i heile Bergensdalen og sørover i Fana. Kost-/nytteberekning viser at nytta av prosjektet er størst dersom heile strekninga frå Flesland til sentrum blir bygd ut.
 
Dersom heile strekninga  blir bygd ut er samfunnsnytta berekna til 5,59 med oppdaterte kostnader frå 2023. Det er ikkje gjennomført ei eiga samfunnsøkonomisk vurdering av dette tiltaket åleine.