- Kommune: Bergen kommune, Bergenhus
- Tiltaksområde: Gange, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
- Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel, Kollektiv
- Finansieringskilde: Fylkeskommunale midler
- Status: Planleggingsfasen
Føremålet med prosjektet er å sikre tryggare og betre framkomst for mjuke trafikantar forbi kryssområdet ved Bradbenken. Dette er ein flaskehals i dag.
Eksisterande haldeplass på sjøsida vert fjerna til fordel for fortau. Kryssområdet vert redusert med eit svingefelt. Ny haldeplass for buss vert etablert før krysset mot Festningskaien, og i Sandbrogaten.
Det er venta auka sykkeltrafikk forbi området når sykkelvegen gjennom Sandviken er klar – dels på fortau og dels i køyrebana. Det er ikkje mogleg å etablere ei separat løysing for syklande med gjeldande trafikksystem.
I hovudsak vil prosjektet gi betre framkomst for gåande, då fortausarealet er smalt og i konflikt med ventande busspassasjerar i dag. Det vil òg gi betre framkomst for syklande på fortau.
Foto: Google Streetview.

