Fv 5484 Gradnatun-krysset, utbetring og fortau

Kart som viser posisjonen til prosjektet
  • Kommune: Alver kommune
  • Tiltaksområde: Gange, Sykkel, Trafikksikkerhet
  • Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
Bøvågen er definert som eit av nærsentera i senterstrukturen i Alver kommune. Hordabø skule, buområda her og idrettsområdet på Hordabø er i dag forbundet med ein smal og trafikkfarleg veg.
 
Gradnatunkrysset er ein trafikkfarleg del av denne vegen. Utbetring her, og på andre punkt på strekket mellom skulen og Hordabøhallen vil være eit stort bidrag til å gjere Bøvågen til eit meir gangvenleg nærsenter, med redusert interntrafikk. 
 
Prosjektet inneber å utbedre det trafikkfarlege krysset og bygge nytt fortau, slik at ein får ein trygg samanheng mellom idrettsområdet og skulen.
 
Deler av strekninga mellom skulen og Gradnatunkrysset er ferdig regulert med fortau. Sjølve krysset er ikkje regulert. 
 
 

Foto: Google Streetview