E39 x Fv.564 på Flatøy

Kart som viser posisjonen til prosjektet
  • Kommune: Alver kommune
  • Tiltaksområde: Gange, Innfartsparkering, Kollektiv, Sykkel, Trafikksikkerhet
  • Satsingsområde byvekstavtale: Gange og sykkel
  • Status: Planleggingsfasen

Flatøy er eit viktig knutepunkt for mobilitet mellom Nordhordland og Bergen, både for syklande og kollektivreisande. Flatøy er og ein sentral del av den mest folkerike aksen i Alver kommune, Frekhaug-Knarvik-Alversund. Eit godt og samanhengande sykkelnettverk her er viktig for å auke sykkelandelane. 

Dagens sykkelveg forbi Flatøy har ikkje separert gang- og sykkeltrafikk. Den går gjennom ein trang kulvert med dårlege siktforhold, og blir brukt som tilkomstveg til bustadar i området. Tiltaket fjerner biltrafikk frå gs-vegen, får stengt igjen kulverten og separert gang- og sykkeltrafikken.

Dette inneber tiltaket 

  • Etablere gjennomgåande og oppgradert G/S-løysing langs vestsida av dagens kryssområde og fjerne lokaltrafikk frå G/S-vegen ved å byggje nye tilkomstvegar.
  • Ombygging av fylkesvegarm frå rundkøyring
  • Sanering av undergang for G/S-veg.
  • Utvide kapasitet på innfartsparkeringa. 

Formålet er å etablere eit meir trafikksikkert tilbod for gåande og syklande på strekninga for å auke andelen gåande og syklande, både til kollektivterminalen og elles internt i området og mot Bergen. I tillegg er formålet å auke kapasiteten på innfartsparkeringa, som i dag er full.

Tiltaket legg til rette for betre forhold for gåande og syklande, og bidreg til å overføre reiser frå personbil til kollektiv. 
 

Prosjektet var ein del av Miljøløftet sin prosjektportefølje 2020, men vart trekt ut ved neste rullering. Prosjektet er no modent for å bli vurdert for gjennomføring.