National Geographic filmer i verdas lengste sykkeltunell

I dei «blå sonene» lever folk lenger enn andre. Kan ein sykkeltunnel påverke levealderen?

Den grøne sykkelen forfattar og programleiar Dan Buettner setter seg på er frakta heile vegen frå Japan, via Tyskland. Jake Withman, ein av dei to fotografane, er stasjonert i Tyskland i to år, og tok like så godt to syklar med seg då han køyrde til Bergen. Dan tar den svarte hjelmen på hovudet før han tråkker av gårde, side om side med sykkelsjef i Bergen kommune, Einar Grieg.

Dan er ihuga sykkelentusiast og innehar ikkje mindre enn tre Guinnes-rekordar for distansesykling. Han fortel at heime i Miami er det sykkel som hovudsakeleg er framkomstmiddelet. Eigentleg er han frå Minnesota, ein plass mange nordmenn emigrerte til, så han kjenner godt til lutefisk. 
På oppdrag for National Geographics skal han sjekke ut verdas lengste sykkeltunnel

LEVER LENGER: Sykkelsjef i Bergen kommune Einar Grieg møtte programleiar for National Geographic Dan Buettner. Foto: Silje Alvsaker
LEVER LENGER: Sykkelsjef i Bergen kommune Einar Grieg møtte programleiar for National Geographic Dan Buettner. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Blå soner

Ein studie gjort på Sardinia i Italia i 1999 fann ut at uvanleg mange levde til dei var over 100 år, utan at dei visste kvifor. Det vart peika ut fleire stader der folk tilsynelatande levde lenger. Desse områda fekk namnet «Blue zones». 

Dan er tilhengar av kvardagsaktivitet. I dei blå sonene lever folk eit godt og langt liv med aktivitet, sunt kosthald, lågt stressnivå, lite sjukdom og har eit godt sosial liv. Sidan begynninga av 2000-talet har Dan og eit kamerateam reist rundt og intervjua folk som bur i dei blå sonene. På Netflix kan du sjå  «Lev til du blir hundre: De blå sonenes hemmelighet», der han reiser verda rundt for å lære av dei fem unike samfunna og korleis mennesker lever lengst i verda.

På bakgrunn av det han har lært om livet i dei blå sonene jobbar han for å endre folks vaner i USA, slik at dei kan leve betre og sunnare liv.

Stor interesse

Han er interessert i alt Einar har å fortelje, korleis bompengar er med å finansiere sykkelvegar og kva strategiar vert brukt for å få fleire bergensarar til å velje sykkel.
— Skal du optimalisere sykkelvegane må de kvitte dykk med alle desse fjellene rundt, seier Dan og ser rundt seg.

 Sykkelsjefen fortel historia om korleis Bergen er komme dit dei er i dag. 
— I gamle dagar var vi ein trikkeby, men så kom bilane. Etter at bil- og busstransporten kom blei trikkene dumpa i fjorden. 
— Det høyrest ikkje spesielt miljøvennleg ut. Dei skulle dumpa bilene i fjorden, seier Dan på spøk.

FOLKEHELSE: Sykkeltunnelen mellom Fyllingsdalen og Kronstad gjer at ein heil bydel kan sykle til og frå sentrum. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Om ikkje lenge skal Einar og ein kollega til Belgia på ein internasjonal sykkelkonferanse for å snakke om sykkeltunnelen. 

— Sykkeltunnelen har framleis stor interesse, meir internasjonalt enn nasjonalt. Det er inspirerande at dei kjem langvegsfrå for å sjå og oppleve den, seier Einar. 

Om ein sykkeltunell kan vere med å påverke levealder positivt får vi vente og sjå når dokumentaren er ferdig. 

 

Tekst: Silje Christine Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Her er noen annet du kanskje er interessert i: