

Fleirtallet er nøgde med kollektivtilbodet
Ei ny undersøking viser at fleirtalet i byvekstområdet er nøgde med kollektivtilbodet der dei bur, men det er store skilnader mellom Bergen og kommunane rundt.
Kvart år spør vi kva folk i byvekstområdet meiner om Miljøløftet og ei rekkje andre tema, som bompengar, bybanen, privatbilisme og bruk av kollektivtransport. Lenke til undersøkinga finn du nederst i artikkelen.
Undersøkinga viser at fleirtalet i området – 69 prosent – er ganske eller svært nøgde med kollektivtilbodet der dei bur. Samstundes er det store skilnader mellom svara i Bergen og dei andre kommunane i avtaleområdet. Medan heile 83 prosent av dei spurde i Bergen meiner at kollektivtilbodet er godt eller ganske godt, svarar godt under halvparten det same i Alver, Askøy og Øygarden, med høvesvis 39, 33 og 35 prosent positive svar.
Blant omlandskommunane er det Bjørnafjorden som skil seg ut med dei mest positive vurderingane av kollektivtilbodet, der om lag halvparten svarar at dei er svært eller ganske positive.

Færre kjenner til Miljøløftet
Færre enn tidlegare svarar at dei har høyrt om Miljøløftet, men kjennskapen om kva Miljøløftet er, har blitt betre blant desse. I 2024 svara 9 prosent at dei kjende godt til Miljøløftet. I 2025 har talet auka til 13 prosent.

Dei fleste som kjenner til Miljøløftet, har òg positive haldningar til Miljøløftet. 68 prosent av dei spurde svara at dei har svært eller ganske positive haldningar. Det er ein liten nedgang frå i fjor, men ligg på same nivå som tidlegare år.
Kvifor tek ikkje folk buss?
Årets utgåve av undersøkinga har særleg fokusert på bruk av kollektivtransport. Om lag ein tredel brukar, ifølgje undersøkinga, kollektivtransport til eller frå arbeid eller skule i løpet av ei vanleg veke.
For dei som ikkje jamnleg brukar buss, bybane eller hurtigbåtg, er det heller ikkje stor vilje til å begynne med det. Heile 55 prosent av bilbrukarane svarar nemleg at det er svært lite sannsynleg at dei vil bruke kollektivtransport til jobb eller skule. 24 prosent svarar lite sannsynleg, medan berre 12 prosent meiner det er ganske eller svært sannsynleg å bruke kollektivtransport.
Dårleg rutetilbod og at det ikkje lar seg kombinere med andre gjeremål blir peika på som viktige årsaker til at folk ikkje vil ta kollektivtransport.

Bybane, kollektivfelt og bompengar
Undersøkinga tek òg temperaturen på befolkninga på fleire spørsmål knytt til byvekstavtalen.
På spørsmål om haldningar til bompengar svarar 47 prosent at dei er svært eller ganske positive. Igjen er det tydelege forskjellar mellom Bergen og dei andre kommunane. 57 prosent er positive i Bergen, medan Askøy er den av omlandskommunane som er mest positive, med 34 prosent positive svar.
Enda meir positive haldningar er det til både bybanen og kollektivfelt på innfartsårar. 80 prosent er positive til at køyrefelt blir omdisponert til kollektivfelt på innfartsårar til Bergen, slik at bussen kan komme raskare fram, medan 78 prosent er positive til bybanen.
Her er det mindre forskjellar mellom kommunane. Faktisk er folk i Bjørnafjorden nesten like positive til bybanen som bergenserane, med 80 mot 81 prosent.
Foto: Silje Drevdal