

Byutgriinga 2025 har vore på høyring
Korleis vil biltrafikken vekse fram mot 2050 om vi ikkje gjer mottiltak? Og korleis kan vi unngå meir køar og utslepp, og greie å skape gode byområde i framtida? Dette gir den nye byutgreiinga svar på
Byutgreiinga tek utgangspunkt i den forventa folkeveksten i bergensområdet dei neste åra. Utgreiinga diskuterer så moglege tiltak for å unngå at veksten i folketal også skal føre til vekst i personbilbiltrafikken, og ser på effekten av tiltaka.
Utgreiinga er gjort av ei prosjektgruppe med partane i Miljøløftet representert, og arbeidet er leia av Statens vegvesen.
Mange høyringssvar
Byutgreiinga vart sendt ut på høyring i haust. Då fekk partane i Miljøløftet og andre interessenter høve til å giinnspel til utgreiinga. Høyringa vart offentleg, så alle som ønskte kunne gi innspel.
Vestland fylkeskommune og kommunane Bergen, Askøy, Alver, Bjørnafjorden og Øygarden er blant dei som gav høyringssvar. Det same gjorde fleire organisasjonar som Elbilforeningen, Norsk lastebileierforbund og Bergen næringsråd.
Høyringssvara er samla i denne rapporten.
Heile byutgreeinga kan du lese her.
Samtidig med byutgreiinga for bergensområdet, er det gjort byutgreiingar for dei andre store byområda i Noreg. Du kan lese meir og laste ned alle utgreiingane på nettsidene til Statens vegvesen:
Kunnskapsgrunnlag for reforhandlingar
Byutgreiingane dannar kunnskapsgrunnlaget for reforhandlingane av byvekstavtalane.
Utgreiingane viser fleire alternative vegar til å nå nullvekstmålet, utan å konkludere med éi anbefalt løysing. I neste omgang blir det opp til staten og lokale partar å bli samde om kva tiltakspakkar det skal satsast på for dei ulike byområda
17 prosent auke i personbiltrafikken utan tiltak
I følgje tal frå Statistisk sentralbyrå vil folkeveksten i bergensområdet vere på rundt 44 000 fram mot 2036 og 59 000 fram mot 2050. Det vil gi langt fleire personreiser enn i dag.
Om desse reisene blir tatt med bil i like stor grad som i dag, får vi ein auke i personbiltrafikken på rundt 8 prosent i 2036 og rundt 17 prosent i 2050.
Det vil i sin tur føre til meir køar, og større problem med støy og utslepp. Korleis unngår vi det, korleis kan vi nå målet om ein nullvekst i personbiltrafikken?
Ulike vegar til nullvekstmålet
For å finne ut av det, har byutgreiingane modelllert effekten av ulike tiltak , og kombinasjonen av dei. Nokre er såkalla restriktive tiltak, med verkemiddel som høgare bompengar, fleire parkeringsrestriksjonar og auka betaling for parkering. I andre har utgreiinga sett på kva som skjer om ein skulle bygd ut sykkelvegar langs alle vegar, eller auka kapasiteten og redusert prisen på kollektivreiser.
Ikkje alle desse tiltaka er realistiske, men ved å legge dei inn i transportmodellar, gir byutgreiingane ein peikepinn på kva tiltak som virkar best, og om ein treng kombinasjonar av tiltak for å nå nullvekstmålet.
I tillegg er det brukt arealdataverktøy (ADV) for å sjå på effekten av ulike grader av fortetting av bustadar og arbeidsplassar.
Byutgreiinga har sett på verknadane av fire verkemiddelpakkar
- Verkemiddelpakke 1 har hovudvekt på gang, sykkel og kollektivtiltak.
- Verkemiddelpakke 2 har hovudvekt på bilregulerande tiltak.
- Verkemiddelpakke 3 er ein kombinasjon av dei første to pakkane.
- Verkemiddelpakke 4 er basert på pakke 3, men tek også med effektane av ein auka konsentrasjon av busette og tilsette.
Det er også gjort samfunnsøkonomiske analysar av dei ulike verkemiddelpakkane.
Foto: Silje Drevdal