

God jul frå oss i Miljøløftet!
Vi ønskjer alle ei god og fredeleg jul med denne vesle filmen, og med koret Oppstemt.
Midt i førjulsstria dukka det opp ei lita juleoverrasking ved Kronstad haldeplass. Dei som sykla og gjekk forbi, vart møtte av gløgg, peparkaker og song.
Takk til koret Oppstemt for musikalske julegåver og ein pustepause på vegen heim frå jobb. Og takk til alle som stoppa opp for litt julestemning. Gjennom denne filmen kan du ta del i den.
Vi håpar de alle får ei god og fredeleg jul, og eit godt nytt år.
Og ein ekstra takk til deg som vel grøne reisemåtar! Vi håpar du held fram med det i det nye året.
Video: Ola Kvamsdal.
Med på laget: Bergen Live, Haltenbanken og Mannheimer.