

Byutgreiinga 2025 er ute på høyring
Korleis vil biltrafikken vekse fram mot 2050 om vi ikkje gjer mottiltak? Og korleis kan vi unngå meir køar og utslepp, og greie å skape gode byområde i framtida? Dette gir den nye byutgreiinga svar på. Den går ut på høyring i dag, og alle kan komme med innspel.
Byutgreiinga tek utgangspunkt i den forventa folkeveksten i bergensområdet dei neste åra. Utgreiinga diskuterer så moglege tiltak for å unngå at veksten i folketal også skal føre til vekst i personbilbiltrafikken, og ser på effekten av tiltaka.
Utgreiinga er gjort av ei prosjektgruppe med partane i Miljøløftet representert, og arbeidet er leia av Statens vegvesen.
Alle kan gje innspel
Byutgreiinga blir no sendt på høyring til dei ulike partane i Miljøløftet-området. Vestland fylke og avtalekommunane Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden og Øygarden blir viktige høyringsinstansar. I tillegg blir byutgreiinga lagt ut offentleg, slik at alle som ønskjer kan gi innspel til høyringa. Fristen for å gje høyringsinnspel er 15. mars 2026.
Les og last ned dokumenta her
Byutgreiinga 2025 Bergensområdet - høyringsutgåve
Høyringsbrev
Vedlegg 1 Dokumentasjonsnotat Versjon 1 07112025
Samtidig med byutgreiinga for bergensområdet, er det gjort byutgreiingar for dei andre store byområda i Noreg. Du kan lese meir og laste ned alle utgreiingane på nettsidene til Statens vegvesen:
Byutredninger 2025 | Statens vegvesen
Byutgreiingane dannar kunnskapsgrunnlaget for reforhandlingane av byvekstavtalane.
Utgreiingane viser fleire alternative vegar til å nå nullvekstmålet, utan å konkludere med éi anbefalt løysing. I neste omgang blir det opp til staten og lokale partar å bli samde om kva tiltakspakkar det skal satsast på for dei ulike byområda.
17 prosent auke i personbiltrafikken utan tiltak
I følgje tal frå Statistisk sentralbyrå vil folkeveksten i bergensområdet vere på rundt 44 000 fram mot 2036 og 59 000 fram mot 2050. Det vil gi langt fleire personreiser enn i dag.
Om desse reisene blir tatt med bil i like stor grad som i dag, får vi ein auke i personbiltrafikken på rundt 8 prosent i 2036 og rundt 17 prosent i 2050.
Det vil i sin tur føre til meir køar, og større problem med støy og utslepp. Korleis unngår vi det, korleis kan vi nå målet om ein nullvekst i personbiltrafikken?
Ulike vegar til nullvekstmålet
For å finne ut av det, har byutgreiingane modelllert effekten av ulike tiltak , og kombinasjonen av dei. Nokre er såkalla restriktive tiltak, med verkemiddel som høgare bompengar, fleire parkeringsrestriksjonar og auka betaling for parkering. I andre har utgreiinga sett på kva som skjer om ein skulle bygd ut sykkelvegar langs alle vegar, eller auka kapasiteten og redusert prisen på kollektivreiser.
Ikkje alle desse tiltaka er realistiske, men ved å legge dei inn i transportmodellar, gir byutgreiingane ein peikepinn på kva tiltak som virkar best, og om ein treng kombinasjonar av tiltak for å nå nullvekstmålet.
I tillegg er det brukt arealdataverktøy (ADV) for å sjå på effekten av ulike grader av fortetting av bustadar og arbeidsplassar.
Byutgreiinga har sett på verknadane av fire verkemiddelpakkar
- Verkemiddelpakke 1 har hovudvekt på gang, sykkel og kollektivtiltak.
- Verkemiddelpakke 2 har hovudvekt på bilregulerande tiltak.
- Verkemiddelpakke 3 er ein kombinasjon av dei første to pakkane.
- Verkemiddelpakke 4 er basert på pakke 3, men tek også med effektane av ein auka konsentrasjon av busette og tilsette.
Det er også gjort samfunnsøkonomiske analysar av dei ulike verkemiddelpakkane.
Foto: Silje Drevdal