Laurdag 17.09 kl. 11.30–15: Bilfri dag og sykkelshow
Ta med familien og opplev korleis Vaskerelven, Engen, Veiten og Øvre Ole Bulls plass kan vere når bilane er borte. Det blir gratis aktivitetar for store og små; Aktivitetsløype med premiering, elsparkesykkelkurs, hoppeslott, sykkelshow og trialbane på Torgallmenningen, og mykje meir. Tidene for sykkelshowa blir 11.35 og 13.30.
Her finn du informasjon om kva gateløp som blir stengt og endringar for taxiar og buss linje 11.
Søndag 18.09: Gådag. Ta turen ut i det fri og sjå deg rundt! Det er mykje å oppleve når du tek beina fatt, enten det er i nærområdet eller i ukjent terreng. Kanskje oppdagar du ein snarveg du ikkje visste om? Fram til 1. oktober kan du merke din snarveg på Instagram med #snarveg + din kommune, eksempelvis #snarvegbergen, og bli med i konkurransen om to byGAVEKORT til ein verdi av 1000 kroner.
Tysdag 20.09: Kollektivdag. Skyss og Miljøløftet er på plass med morgon- og ettermiddagsutdelingar til kollektivpassasjerar i Bergen sentrum og Åsane. På morgonen frå ca. kl. 07.30 til 09.00 finn du oss på Åsane terminal og på Bergen busstasjon. Frå ca. 14.30 til 16.30 finn du oss i området Olav Kyrres gate /Byparken i Bergen sentrum.
Onsdag 21. september 09–12: Digitalt gåseminar. Statens vegvesen arrangerer seminaret som ein del av Mobilitetsveka. Mellom anna presenterer Vestland fylkeskommune ein strategi for mjuke trafikantar. Sjå programmet og meld deg på her.
Onsdag 21.09 kl 17–22: Nettverkstreff om berekraftig transport. Her vil blant anna Bærekraftige liv på Landås presentere sin transportmeny og ein utlånspakke (el-sykkel, sykkelkjøkken m.m.) som andre lokallag kan booke og teste i sitt nabolag. Målet er gode samtalar, erfaringsutveksling og inspirasjon. Tidspunkt: 17.00–22.00. Stad: Lystgården, Kanonhaugen 39, Bergen. Arrangør: Bærekraftige liv på Landås. Påmeldingsfrist 21. september. Meld deg på her
Torsdag 22.09 kl. 08–10: Bærekraftig frokost: Bildeling – et nyttig verktøy for en mer bærekraftig by?
I forbindelse med Mobilitetsuken arrangeres et ekstra Bærekraftig frokostmøte 22. september. Hvordan påvirker bildeling reisevanene til brukerne, og hva slags effekt kan det ha på arealforbruket i byene, er spørsmål vi får svar på på dette møtet. Arrangementet er gratis og åpent for alle. Sted: Litteraturhuset i Bergen. NB: Påmelding innen 20.september. Meld deg på her