

Programdetaljar for frukostmøtet Mobilitet for alle
Her er detaljar om program og foredragshaldarar under frukostmøtet Mobilitet for alle og opninga av Mobilitetsveka 2025.
Møteleiar: Kari Gåsemyr, sekretariatsleiar i Miljøløftet
08.00–08.20 Frukostservering
08.20–08.30 Velkommen til Mobilitetsveka og opning v/ Jon Askeland, fylkesordførar, Vestland fylkeskommune
08.30–09.00 Skadeforebyggende forum – fakta om skader og ulykker og hvordan legge til rette for gode byrom v/ Eva Jakobson Vaagland og Aurora Trygg, Skadeforebyggende forum
Eva Jakobson Vaagland er dagleg leiar i Skadeforebyggende forum, ein medlemsbasert, ideell interesseorganisasjon som samlar aktørar frå frivillig, offentleg og privat sektor. Målet er å førebyggje alvorlege ulukker og fremje førebyggjande arbeid gjennom informasjon og samarbeidstiltak. Ho vil dele fakta om skader og ulukker, og kor stor samfunnsutfordring dette er.
Aurora Trygg, Skadeforebyggende forum, vil snakke om korleis byutvikling kan bidra til meir aldersvennlege omgivnader, og slik førebyggje sosial ekskludering blant eldre.
09.00–09.25 Alle skal komme fram v/ Geir Bartz-Johannesen, Vestland fylkeskommune
Geir Bartz-Johannesen er seniorrådgjevar i avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune. Hans innlegg vil handle om fylkesvegar og samarbeid for å bygge rett standard. Kva gjer fylket for å gjere vegane tilgjengelege for alle?
09.25–09.35 Kaffipåfyll
09.35–10.00 Framkommelighet i parker og byrom v/Maja Nordheim, Bymiljøetaten, Bergen kommune
Maja Nordheim er arkitekt hos Bymiljøetaten, Bergen kommune. Ho vil snakke om framkome og universell utforming, med utgangspunkt i rapporten “Gode prinsipper for universell utforming av sentrale parker, byrom og gater”, som ho har skrive saman med Tanita Gulbrandsen.
10.00–10.20 Fra et brukerperspektiv v/ Tove Linnea Brandvik, Norges Handikapforbund
Tove Linnea Brandvik er forbundsleiar i Norges Handikapforbund. Ho vil snakke om kor viktig det er med mobilitet for alle generelt, og spesielt i eit samfunn som er i endring gjennom at fleire blir eldre.
10.20–10.30 Oppsummering og avslutning
Maja Nordheim og Tove Linnea Brandvik i samtale med Kari Gåsemyr.