Bilfri dag i Bergen sentrum

Bli med når vi arrangerer Bilfri dag i Bergen sentrum under Mobilitetsveka, laurdag 20. september 2025.

Laurdag 20. september gir vi bilane ein pause, og fyller gatene med liv og røre. Frå kl. 11.30 til 15 blir det bilfri dag i  Vaskerelven, Engen, Veiten og på Øvre Ole Bulls plass. 
 
Det blir gratis aktivitetar for store og små, det blir konsert i Vaskerelven, gatesirkus,  gjenbruksmarknad, sykkelshow, gratis sykkelservice og mykje meir. 
 
Siste: Museumstrikken, som også sto på programmet må dessverre utgå. 

På programmet

  • Gatesirkus med Cirkus Balanse/Fyllingsdalen teater (heile området). Du kan også prøve deg sjølv som sirkusartist.
  • Konsert med Stig van Eijk (utanfor Kulturhuset, Vaskerelven) 
  • Gjenbruksmarknad med Lopperiet (Veiten og Vaskerelven)
  • Gratis sykkelservice (Engen) 
  • Sykkelshow med MOOW (Torgallmenningen) 
  • Sykkelløype for barn med Sykkelkids (Veiten)
  • Ansiktsmaling
  • Gratis utdeling av popcorn 
  • Hoppeslott
  • Kast på blink 
  • Smoothiesyklar – lag din eigen smoothie med pedalkraft.
  • Lykkehjul – Snurr lykkehjulet og vinn premie.
  • Spelsone – Gode gammaldagse spel i stort format: Giant Jenga, Tetris, Fire på rad, shufflespel og fleire andre. Passar både barn og vaksne. 
  • Refleksverkstad – Barna kan pynte/pimpe ein refleks.
  • Den Natonale Scene flyttar ut i gata: Det blir fiskedam, utkledningshjørne der de kan ta eigne familiefoto, og forteljarstund for barn kl. 13 og 14. 
  • Bokverkstad og aktivitetar med Tekstalliansen og barnebladet Leseplaneten. 
  • Stand med Miljøløftet, Skyss, Trygg Trafikk, Naturvernforbundet og fleire andre. 
 
Alle aktivitetar er gratis. 
 

Program og tider 

 
11.30–11.35    Opning av Bilfri dag (utanfor Kulturhuset, Vaskerelven)
11.30–15.00      Aktivitetar opnar
11.45–12.15     MOOW sykkelshow på Torgallmenningen
12.00–12.40    Cirkus Balance: Oppvisning og cirkusskule (Vaskerelven/Engen)
12.30–13.15    Konsert med Stig van Eijk (utanfor Kulturhuset, Vaskerelven)
13.00–13.30    Forteljarstund med Den Nationale Scene
13.30–14.00    MOOW sykkelshow på Torgallmenningen
14.00–14.30    Forteljarstund med Den Nationale Scene
15.00    Arrangement slutt