Lunsjseminar: Smarte reiser – betre trafikkflyt

Korleis kan vi bidra til at trafikken flyt betre?

I samband med bygginga av nytt sotrasamband, vert det gjennomført ei rekkje tiltak som skal sikra best mogleg trafikkflyt mellom Øygarden og nabokommunane fram til sambandet står klar til bruk i 2027.

Målet er at fleire reisande erstattar bil med buss, samkøyring, sykkel eller gange. Korleis fungerer tiltaka? Kva kan andre læra av arbeidet med å få ned personbiltrafikken?

Som ein del av Europeisk mobilitetsveke inviterer vi til gratis lunsjseminar i kultursalen i Øygarden rådhus på Straume onsdag 18. september kl. 11.00–12.30. 

Seminaret er ope for alle. 

Program

  • Velkomst ved ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik

  • Samkøyring gjennom appen NaboGo er blitt ein suksess. Korleis kan vi få endå fleire til å reisa saman?

Skyss orienterer om prosjektet. Namn på foredragshaldar kjem seinare.

Her kan du lesa meir om samkøyringsprosjektet i Øygarden og på Askøy. 

Her kan du lesa meir om appen Nabogo.

  • God trafikkflyt i anleggsperioden

Gjennom prosjektet God flyt vert det gjennomført eit 50-tals tiltak som skal bidra til færre personarbilar på vegane og betre trafikkflyt.

Prosjektleiar Nina Forland Klepsvik i Øygarden kommune orienterer om status og effekt så langt.

  • Spørsmål

Det blir servering av bagettar, kaffi og te.

Her kan du melda deg på

Vi treng berre namn og telefonnummer. Påmelding er gratis og arrangementet er ope for alle. 

Det kan koma endringar og tilføyingar i programmet. 

Lunsjseminaret blir arrangert av Øygarden kommune og Miljøløftet