Bilfri dag i Bergen sentrum
Bli med når vi arrangerer Bilfri dag i Bergen sentrum under Mobilitetsveka, laurdag 21. september.
Ta med familien og opplev Vaskerelven, Engen, Veiten og Øvre Ole Bulls plass utan bilar, men fulle av liv.
Det blir gratis aktivitetar for store og små, konsert med Naboen min i Vaskerelven, gjenbruksmarknad, spektakulært sykkelshow med MOOW på Torgallmenningen, gratis sykkelservice og mykje meir. Aktivitetane under Bilfri dag varer frå 12.00 til 15.30.
Museumstrikken køyrer også avgangar frå haldeplassen ved Cafe Opera spesielt for bilfri dag (vaksne 150, barn under 18 gratis)
Noko av det du kan oppleve (program blir oppdatert):
- Naboen min: Naboen min er eit band samansett av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt. Dei har mellom anna gitt ut plata Rockesock som fekk Spelemannsprisen i kategorien barnemusikk, og er kanskje mest kjende for låten "Male himlen blå". Konserten blir ca. kl. 13–13.45.
- Gjenbruksmarknad: Det blir loppe- og gjenbruksmarknad i Veiten.
- Sykkelkids: Sykkelkids har sykkelopplæring for barn i Veiten.
- Sykkelshow: Trialsyklistane i MOOW gir to spektakulære show på Torgallmenningen, kl. 12.15–12.45 og kl. 14–14.30. Sjekk ut https://moow.show/
- Gratis sykkelservice: Ta med sykkelen og få ein gratis sjekk. Vi står i Engen, i krysset ved Ole Bulls plass.
- Klovn og ansiktsmaling: Den Nationale Scene inviterer til leik og ansiktsmaling i Engen kl. 12–15.30. Klovnen Lille er med frå 12–13.30.
- Ta Museumstrikken: Museumstrikken køyrer avgangar frå haldeplassen ved Cafe Opera spesielt for bilfri dag, mellom 12.00 og 16.00. Turen går til Bergen Tekniske Museum på Møhlenpris og inngang og retur er inkludert (Pris vaksne 150, barn under 18 gratis).
- Aktivitetsløype for barn i Vaskerelven: Fine premiar for alle.
- Smoothiesyklar: Lag din eigen smoothie med pedalkraft.
- Stands med Skyss, Trygg Trafikk, Miljøløftet og fleire andre.