Laurdag 16.09 – Bilfri dag
11.30–17.00
Bli med når vi opnar Mobilitetsveka 2023 med Bilfri dag i Bergen sentrum!
Ta med familien og opplev Vaskerelven, Engen, Veiten og Øvre Ole Bulls plass utan bilar, men fulle av liv.
Det blir gratis aktivitetar for store og små, konsert med Christine Sandtorv i
Vaskerelven, gratis sykkel service, spektakulært sykkelshow med MOOW på Torgallmenningen, og mykje meir.
Museumstrikken køyrer avgangar frå haldeplassen ved Cafe Opera spesielt for bilfri dag.
Tirsdag 19.09 – Kollektivdagen med morgonutdeling på Loddefjord terminal og Kristianborg
Kl. 07.00–08.30, Loddefjord terminal
Kl. 14.00–15.30, Kristianborg
Vi deler ut bollar og smågåver til dei som reiser kollektivt, syklar og går.
Tirsdag 19.09 – Lunsjseminar med Skyss
Kl. 11.00–13.00, Kulturhuset i Bergen
Miljøløftet og Skyss inviterer deg til eit forrykande lunsjseminar om reiseval og energisparing. Det er gratis adgang, meld deg på her
Du kan også følge seminaret via denne lenken: https://youtube.com/live/NnNyx-npKb8?feature=share
Meir informasjon om seminaret finn du her.
Tirsdag 19.09 – Guida sykkeltur
Kl. 16.00–19.00. Statens vegvesen, Nygårdsgaten 112.
Bli med på ein guida tur på den nye sykkelvegen frå sentrum til Fyllingsdalen. Vi ser på dei ulike løysingane som er valde og historien bak utforminga av sykkelvegen og sykkeltunnelane Kronstadtunnelen og Fyllingsdaltunnelen, som med sine 3 km er den lengste tilrettelagde sykkeltunnelen i verda.
Vi ser og på dei mange byutviklingsprosjekta langs sykkelvegen. Turen tar om lag 2-3 timar. Oppmøte ved Statens vegvesen, Nygårdsgaten 112, kl. 16, og slutt ved Oasen seinast kl. 19. Guidar er Einar Grieg og Geir Bartz-Johannessen.
Ta med eigen sykkel og hjelm. Det er og mogleg å låne bysykkel om du ikkje har sjølv (begrensa antall).
Onsdag 20.09 – Sykkelkafé på Landås
Kl. 18.00–21.00. Bærekraftige liv på Landås, Lægdesvingen 3.
Transportgruppa i Bærekraftige liv på Landås inviterer til opning av ny sykkelkafé. Velkommen inn til ein prat om sykkel, mobilitet eller andre verdsproblem over ein kopp kaffi og kanskje ein vaffel.
Du kan samstundes få hjelp og tips til korleis du fiksar og pussar på sykkelen din, til dømes bremseskift. Du kan i tillegg låne verktøy, transportsykkel og sykkeltilhengar eller få tips til effektive og berekraftige mobilitetsløysingar i Bergensområdet Alt er heilt gratis.
Torsdag 21.09 – Filmvisning: "Why we cycle"
Kl. 15.00–16.30, Bergen kommune, Bymiljøetaten, Johannes Bruns gate 12
Visning av den nederlandske dokumentarfilmen «Why we cycle», ein film om kva effekt sykling har på oss menneske, samfunnet og oppbygginga av byar.
Les meir om filmen her
Det blir servert pizza. Kontaktperson for filmvisninga: Einar Grieg (90072543).
For påmelding: send e-post til einar.grieg@bergen.kommune.no