Kjøp eitt vinterdekk, så spanderer vi det andre!
Er du klar for vintersykling? I samarbeid med lokale aktørar piggar Miljøløftet opp sykkelen din for vinteren 2024/25.
Stadig fleire ønskjer å sykle heile året, og når vinteren kjem er det viktig å vere førebudd. Då treng du piggdekk.
Miljøløftet går igjen saman med sykkelbutikker og andre lokale aktører slik at du kan sykle trygt hele vinteren: Kjøper du det eine piggdekket, spanderer vi det andre. Omlegging er også inkludert.
Slik fungerer det:
- Få eitt piggdekk gratis, betal for eitt sjølv. Omlegging er inkludert.
- Vi dekker opptil kr 1000,- inkl. mva. for eitt piggdekk. I tillegg dekker vi kostnad for omlegging
- Har du eigne piggdekk, dekker vi omlegging
- Ta kontakt med ein av sykkelbutikkane/aktørane nedst på sida og bestill time
Her er det førstemann til mølla! Kampanjen gjeld frå 18. oktober til 1. desember 2024, eller så langt lageret rekk.
Butikkar og lokale aktørar der du kan få piggdekktilbodet:
Bergen
Pedalen sykkelverksted, Agnes Mowinckels gate 6. Tlf: 55 61 20 00
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du her: https://pedalenbergen.bestille.no/OnCust2/#!/
Skriv inn referanse Miljøløftet i bestillinga.
Cyclofix, Nøstegaten 49. Tlf: 922 20 919
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du her:
https://www.cyclofix.no/tjenester
Skriv inn referanse Miljøløftet i meldingsfeltet.
Bici Bergen, Nye Sandviksveien 73A. Tlf: 941 51 720
Bestilling av dekk og dekkskift gjer du her:
https://bicibergen.as.me/schedule.php
Skriv inn referanse Miljøløftet i informasjonsfeltet om dekk/sykkel
Alver
Sport1, Atleten, AMFI Knarvik, Tlf: 56 35 04 15.
Tider for dekkskift: 14. og 21. november, kl. 17–19
Askøy
BUA Kleppestø, Klampavikvegen 1 (kjellaren på Rådhuset).
Tider for dekkskift: 22. oktober og 5. november, 17–19
Bestill dekkskift direkte hjå reparatøren Cyclofix: https://www.cyclofix.no/tjenester
Skriv inn referanse Miljøløftet Askøy i emnefeltet.
Du kan også bestille på telefon: 922 20 919.
Bjørnafjorden
Livskvalitet Ski og sykkelverksted, Brugata 7, Osøyro. Tlf: 942 53 618.
Lenke til nettside
Lenke til facebookside
Opningstider: Månd/tys/ons/fre: Kl. 10–15. Torsd: Kl. 10–18
Øygarden
Basecamp, Sartor senter, Straume, Tlf: 403 37 729.
Nettsider: https://www.basecamp-sotra.no/tiltak/sykkelverkstaden/
Hugs lys, refleks og bremser!
I tillegg til piggdekk er det også viktig å ha lys og refleks på plass i perioden med mørke, snø, is og kulde.
Godt lys er ikkje berre viktig, det er faktisk også påbode. Det er påbod om gult eller kvitt lys framme og raudt lys bak. I tillegg er det påbode med raud refleks bak, og gul eller kvit refleks på begge sider av pedalane.
Det er også lurt å ha refleks på kleda i skumring og mørke. Og ikkje minst: Sjekk at du har fungerande sykkelbremser. Godt sykkelvedlikehald er ekstra viktig om vinteren.