Oppdagar nye stadar på sykkelsetet
Då kjærasten bygde sykkel til Ania, opna ei ny verd seg. No sparar ho både tid og pengar, og opplever byen på ein annan måte.
– Eg tenkte alltid at det er heilt umogleg å sykle i Bergen fordi det er tungt og vanskeleg på grunn av bakkane og fjella, seier Ania.
Før, då ho budde i sentrum, hadde ho for vane å gå. Reisevegen er blitt lenger etter at ho flytta. Reiser ho med bybanen til sentrum, tar det 25 minutt, medan bussen brukar ein halvtime. Derfor bygde kjærasten, som sjølv elskar å sykle, ein sykkel til Ania.
Med eitt la ho bak seg skepsisen til dei bratte bakkane i Bergen, og starta å sykle.
– Det som er fint er at eg sparer tid og pengar. Eg er og i betre form, og føler meg vaken når eg kjem på jobb.
Med sykkel brukar ho mellom 15 og 20 minutt til sentrum. Men betre form og spart tid og pengar er ikkje dei einaste fordelane med å sykle, ifølge Ania.
– Fordi eg syklar opplever eg byen på ein heilt annan måte, og eg oppdagar nye stadar i Bergen.
Å gjere regionen meir attraktiv for syklande er eit av måla til Miljøløftet, og berre i 2022 blei det bygd om lag 5,5 kilometer med ny sykkelveg. Du kan sjå planlagde sykkelvegprosjekt i ditt område på vårt prosjektkart her.
Ania er ikkje den einaste som har erfart at det løner seg å velje miljøet. Les historiene til andre som syklar, går eller reiser kollektivt dit dei skal: Inge-Andre sparar pengar, Ellen sparar tid, Mauricio kjem i betre form og Hilde får ei fristund.
Foto: Thor Brødreskift