Det løner seg å velje miljøet
Inge-André sparar pengar. Ellen sparar tid. Mauricio kjem i betre form. Hilde får ei fristund. Ania legg meir merke til ting rundt seg. Alle har dei vald vekk bilen, og alle har dei tent på det.
For det er ikkje sikkert det er raskare, billigare eller meir behageleg å ta bilen. Sjekk ut bilkalkulatoren vår for å sjå kva du brukar på bil i dag. Og les og sjå historiene til nokon heilt vanlege personar rundt om i Miljøløftet-kommunane som syklar, går eller reiser kollektivt dit dei skal.
Kva kan du tene på å velje miljøet?
Alle foto: Thor Brødreskift