Byt gir – vel sykkelen

Kva kan du tene på å byte ut bilen med sykkel eller el-sykkel? Kan du spare tid, kan du spare pengar, kan du kome i betre form? Eller berre få ein litt friskare start på dagen?

Også i vår inviterer vi deg til å byte gir, og prøve ut sykkelen til jobb. Om det er fem dagar i veka eller eit par gonger i månaden, så er du velkommen til å teste det ut. Kanskje det er noko du kjem til å fortsetje med? 

Vinn gratis sykkelservice til din arbeidsplass!

I april og mai vil vi ha gratis sykkelservice og prøving av elsyklar fleire stader i Miljøløftet-kommunane. I tillegg vil vi lodde ut to arrangement med gratis sykkelservice til to heldige arbeidsplassar. Vil du ha gratis sykkelservice, prøving av elsyklar og konkurranse om å vinne dei på din arbeidsplass? Bli med i trekninga her: 

Vinn gratis sykkelservice til din arbeidsplass her 

Få tips av erfarne jobbsyklistar

Vi har snakka med fem erfarne jobbsyklistar: Amy, Ingrid, Arve, Randi og Benjamin. I filmane under kan du sjå kvifor dei vel å sykle, og få nokre  gode tips til kva som kan gjere sykkelturen lettare og vanane meir varige. 

Sykkeltips frå Arve

Sykkeltips frå Ingrid 

Sykkeltips frå Randi

Bli med på Sykle til jobben

Noregs største aktivitetskampanje varer i år frå 5. mai til 14. juni. Du kan melde deg på som lag eller individuelt, du kan konkurrere med deg sjølv eller andre, og du er med i trekninga om å vinne fine premiar undervegs. Du bidrar til grønare reisevanar og mindre utslepp – og attpåtil kjem du i betre form.

Les meir og meld deg på Sykle til jobben her