

Byt gir – vel sykkelen
Kva kan du tene på å byte ut bilen med sykkel eller el-sykkel? Kan du spare tid, kan du spare pengar, kan du kome i betre form? Eller berre få ein litt friskare start på dagen?
I vår oppfordrar vi deg til å prøve sykkelen til jobb. Om det er ein dag i månaden eller fem dagar i veka, så er du velkommen til å teste det ut.
Kanskje det er noko du kjem til å fortsetje med?
Få tips av erfarne jobbsyklistar
Vi har snakka med fem erfarne jobbsyklistar: Amy, Ingrid, Arve, Randi og Benjamin. I filmane under kan du sjå kvifor dei vel å sykle, og få nokre gode tips til kva som kan gjere sykkelturen lettare og vanane meir varige.
Sykkeltips frå Arve
Sykkeltips frå Ingrid
Sykkeltips frå Randi
Sykkelservice på arbeidsplassar
I april og mai har vi hatt gratis sykkelservice på ein del arbeidsplassar i Miljøløftet-kommunane. Om ikkje din arbeidsplass fekk besøk i år, kan de få sjansen igjen. Gi oss gjerne ein lyd om de er interessert i besøk av Byt gir-kampanjen til neste år, med gratis sykkelservice og sjansen til å prøve – og kanskje vinne – ein elsykkel.
Her ser du lista over bedrifter vi har besøkt i vår.

Bli med på Sykle til jobben
Noregs største aktivitetskampanje varer i år frå 6. mai til 15. juni. Du kan melde deg på som lag eller individuelt, du kan konkurrere med deg sjølv eller andre, og du er med i trekninga om å vinne fine premiar undervegs. Du bidrar til grønare reisevanar og mindre utslepp - og attpåtil kjem du i betre form.
Les meir og meld deg på Sykle til jobben her