

Forskingsprosjekt om samkjøring
I PURIST-prosjektet undersøker forskarar om offentleg subsidiert samkøyring kan vere nøkkelen til betre mobilitet i distrikta.
Miljøløftet er ein av fleire samarbeidspartnarar som deltek i forskingsprosjektet, som vert leia av Transportøkonomisk institutt. Askøy og Øygarden er to av kommunane der samkøyring vert testa.
Målet med PURIST-prosjektet er å få kunnskap om verknadene av offentleg finansiert samkøyring i distrikta på bilbruk, reisevanar, tilgjenge og inkludering, kva som hindrar eller fremjar bruk av samkøyring, og korleis ein kan stimulere til ei mest mogleg kostnadseffektiv oppskalering av samkøyring.

Stort potential i distrikta
Det å leggje til rette for auka samkøyring, til dømes gjennom app-baserte samkøyringstenester eller eit tilbod om delt bestillingstransport, har stort potensial for å forbetre transportsystemet i distrikta, der det ordinære linjebaserte kollektivtilbodet er avgrensa og ofte lite kostnadseffektivt. I tillegg til å redusere talet på bilar på vegane gjennom høgare køyretøybelegg, kan samkøyring òg bidra til både eit meir inkluderande og økonomisk berekraftig transportsystem.
Pilotprosjekt i tre regionar
I prosjektet vert tre ulike og nyskapande forretningsmodellar for samkøyring studerte, og desse vert pilottesta i tre ulike regionar i Noreg (Vestlandet, Trøndelag og Agder). Desse løysingane skil seg frå tidlegare samkøyringsløysingar på to måtar: dei er offentleg subsidierte, og dei rettar seg mot meir spreiddbygde område.
PURIST-prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd og vil vare frå hausten 2024 til hausten 2028.
For meir informasjon om prosjektet, sjå her: