Ofte stilte spørsmål
Kva er Miljøløftet?
Miljøløftet er namnet på byvekstavtalen for bergensområdet, og er eit verktøy for byutvikling.
Avtalen er inngått mellom Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Øygarden, Vestland fylkeskommune, Samferdselsdepartementet (gjennom Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet) og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (gjennom Statsforvalteren i Vestland).
Nullvekstmålet står sentralt i avtalen. Det betyr at all vekst i persontrafikk skal skje med kollektiv, sykkel eller gonge. Prosjekt og tiltak som er ein del av Miljøløftet skal bidra til å nå nullvekstmålet. Byvekstavtalen skal og bidra til meir effektiv arealbruk og meir attraktive by- og regionsenter.
Gjennom avtalen forpliktar partane seg til å jobbe mot nullvekstmålet gjennom fire satsingsområde: gonge og sykkel, kollektivtransport, innfartsparkering og miljøvenleg teknologi og innovasjon. Staten forpliktar seg til å bidra med finansiering av tiltak.
Bompengepakken Bypakke Bergen er og ein del av Miljøløftet, men avgrensar seg geografisk til Bergen kommune.
Kva er ein byvekstavtale?
Ein byvekstavtale er ein avtale mellom kommunar, fylke og stat om å jobbe for at ein auke i personreiser skal skje med kollektivtransport, sykkel og gonge – ikkje bil. Miljøløftet er namnet på byvekstavtalen i Bergensområdet. Fleira andre byområder, til dømes Oslo, Trondheim og Nord-Jæren, har tilsvarande avtalar.
Kvifor treng vi ein byvekstavtale?
Befolkninga i Bergensområdet er i stadig vekst, og dermed aukar transportbehovet. Meir biltrafikk betyr meir utslipp av klimagassar, lengre køar på vegane, redusert trafikktryggleik og meir lydforureining og svevestøv.
Miljøløftet er eit verktøy for å møte desse utfordringa og jobbe for at veksten i persontransporten skjer på andre måtar enn med bil. På den måten skal det bidra til eit meir effektivt og attraktivt byområde. Avtalen er viktig for å oppnå ein heilskapleg verkemiddelbruk på tvers av forvaltningsnivåa kommune, fylke og stat. Saman skal vi kutte bilkø og klimagassutslipp og sørge for at alle kjem seg lett og trygt fram i byområdet.
Kor mykje pengar har Miljøløftet og kor kommer pengane frå?
Gjennom avtalen har staten forplikta seg til å bidra med i overkant av 13 milliardar kroner (i 2020-kroner), fordelt ut over heile avtaleperioden. I tillegg kommer det fylkeskommunale bidrag på 270 millionar (i 2020-kroner) årleg, om lag 3 milliardar totalt.
Bompengepakken Bypakke Bergen er og ein del av Miljøløftet, og legger til grunn årlege bompengeinntekter på om lag ein milliard kroner.
Det er med andre ord ein kombinasjon av statlege middel, fylkeskommunale middel og bompengar som gir dei økonomiske rammene til Miljøløftet. Enkeltprosjekt som er finansiert som del av Miljøløftet kan dessutan vere delvis finansiert av andre kjelder, som kommunale middel eller privat finansiering. Det er og ulike krav og føringar for kva dei ulike finansieringskjeldene i Miljøløftet kan brukast til.
Kva får vi igjen for pengane?
Pengane blir brukt til prosjekt og og tiltak som skal bidra til å nå nullvekstmålet og til eit miljøvenleg, effektivt og trygt transportsystem som gir god mobilitet for innbyggjarar og næringsliv.
Pengane blir fordelt fire satsingsområde: Gonge- og sykkel, kollektivtransport, innfartsparkering og miljøvenleg teknologi og innovasjon.
Døme på prosjekt og tiltak kan være gong- og sykkelvegar, opprusting av fortau og busstopp, styrking av kollektivtilbodet, innfartsparkeringar og nye mobile tenester som samkøyring.
Prosjekt av ulik art og storleik finansierast av Miljøløftet, alt frå lokale gong- og sykkelvegar til gigantprosjekt som utbygging av bybanen til Fyllingsdalen og sykkelstamvegen i Bergen.
Kva betyr nullvekstmålet?
Nullvekstmålet er eit mål om at personbiltrafikken i byområdet ikkje skal vekse, altså null vekst i trafikken. Det betyr at dersom det blir fleire reisande, skal transporten skje med andre transportmiddel enn bil, til dømes sykkel eller kollektivtransport.
Næringstransport og mobile tenester som hjemmesykepleien er ikkje inkludert i målet om nullvekst.
Har de nokon resultat å vise til?
Ja, det har vi. Ein såkalt byindeks målar utviklingen i personbiltrafikken. Nivået på biltrafikk blir målt opp mot nivået i 2018. Målet om nullvekst gjeld altså frå året 2018 og fram til i dag.
I 2022 vart det ein reduksjon i personbiltrafikken på 1,1 prosent i forhold til 2018.
Vi brukar i tillegg fleira andre indikatorer som seier noko om utviklinga i reisevanane til folk.
Utviklinga presenterast årleg i årsmeldingar. Der kan du finne utvikling i biltrafikk, gonge og sykkel, kollektivreiser, mm. Lenke finn du her.
Kor kan eg sjå prosjekta til Miljøløftet?
På dette interaktive prosjektkartet kan du sjå ferdigstilte, planlagde og pågåande prosjekt.
I tillegg har Miljøløftet til kvar tid eit handlingsprogram som viser kva prosjekt og tiltak som skal finansierast. Det finn du her.