

Vil du byrje å sykle, gjer det i mai!
– Mitt tips for å byrje å sykle, er å byrje å sykle i mai, seier Amy McEwan-Strand. Kvar dag tar ho elsykkelen til barnehage og jobb.
Denne maidagen i Nygårdsparken er solfylt og fin, og det er ikkje vanskeleg å vere einig.
Veit at ho rekk barnehagen
Kvar dag lastar Amy McEwan-Strand to barn på elsykkelen og køyrer via barnehagen på veg til jobb i konsulentselskapet Deloitte.
– Ein av hovudgrunnane til at eg syklar, er at det er så føreseieleg kor lang tid eg brukar. Eg treng aldri bekymre meg for kø eller at bussen ikkje kjem. Eg veit akkurat kor lang tid det tar frå sykkelparkeringa på jobben til barnehagen.
Og to barn bakpå er ingen problem når ein har elsykkel.
Aldri redd for oppoverbakkar
– Når eg syklar elsykkel, gruer eg meg aldri til å sykle i oppoverbakkar, seier ho.
– Ein treng jo ikkje vere i god form for å sykle elsykkel. Vi syklar opp til Fløyen, med to barn bakpå, og det merkar eg nesten ikkje.
Lån ein elsykkel og prøv det ut
Amy har eit tips til for å komme i gang:
– Spør ein ven om du kan få låne elsykkel av dei. Elsykkel er ei investering, og det kan vere lurt å teste det ut, og sjå om du liker det.
Sjølv er ho ikkje i tvil.
– Prøver du det ein gong, blir du veldig fort hekta!