Jobbsyklinga gjer kvardagen enklare

Arve Sunde går rett i treningstøyet og tek sykkelen til jobb. Det gjer dagen hans enklare.

– Det er mitt vesle sykkeltips: Ha kleda liggande på jobben. Då slepp du å velje mellom alt du har i skåpet ditt, og har eit problem mindre i kvardagen, seier Arve Sunde.

For heime treng han ikkje ta så mange val: Då er det rett i treningstøyet, slik han har hatt som vane sidan rundt 2012. Grunnen til at han starta med jobbsyklinga, var for å få treninga unnagjort på veg til jobb.

Det groggy forsvinn

 Men han oppdaga at syklinga også hadde fordelar for humøret.

– Ofte vaknar ein litt groggy på morgonen. Når ein syklar, er det som alt dette groggy forsvinn på vegen, og er vekke når du er framme på jobben, seier Arve Sunde.

Deretter er det å ta ein dusj, velje eit av dei to jobbantrekka han har der – anten jeans eller penbukse – og starte dagen.

Arve bur på Eidsvågneset, og syklar kvar dag derfrå til jobben på DNB i Solheimsviken, ei strekning på om lag ei mil.

Like raskt som bussen

– Noko av det som overraska meg då eg byrja å sykle er at det tek like lang tid å sykle som å ta kollektiv, seier han.

– Bussen brukar om lag ein halvtime, og det same gjer eg.

Kanskje ville det gått endå raskare med bil, men det har også sine ulemper:

– Du veit aldri når trafikken står bomstille i Fløyfjellstunnelen. Det er heller ikkje lett å finne ein parkeringsplass i Solheimsviken.

Arve har ikkje køyrt bil til jobb sidan tidsklemma då ungane var små, og jobben låg i Fyllingsdalen. No syklar han stort sett kvar einaste dag. Då er det to ting som er viktige: Gode sykkelklede og litt variasjon.

Godt utstyr og variasjon

– Eg likar å ha gode klede og godt utstyr. Det treng ikkje vere det dyraste, men det må vere god kvalitet. Når veret er dårleg kan det vere litt surt dei første minutta, og desto viktigare er det å ha gode klede, seier han.

Arve har tre syklar, som han byter på å bruke til jobb. Litt for også å ha variasjon i ruta.

– Eg har ein hybridsykkel, ein offroadsykkel og ein elsykkel. Alt etter kva eg brukar, vel eg ulike ruter til jobb.

Med hybridsykkelen prøver han å unngå brustein. Med off-road sykkelen tar han litt røffare ruter, og med elsykkelen tar han gjerne turen opp byfjella og over Munkebotn.

– Det er gøy dei dagane ein føler ein har krutt i beina og vinden i ryggen, seier han.

Samtidig har han erfart kor fort uhell kan skje, og er nøye med å avpasse farten etter forholda.

– Eg syklar kvar dag gjennom sentrum, over Bryggen og Torget, der det kan vere ganske skummelt. Då er det viktig å ta det roleg og vise omsyn.

Møt Arve og fire andre jobbsyklistar her: 

 

Les meir her