– Eg skal sykle elsykkel resten av livet

– Å frese forbi bilar og køar. Det gir meg ein god start på dagen, seier Ingrid Thaule Grasdalsmoen.

Ho startar arbeidsdagen med å sykle frå Sædalen til jobben på Paradis skole, ei strekning på rundt fem kilometer. Og med elsykkel er heller ikkje bakkane heim noko problem.

– Eg skal sykle elsykkel resten av livet, slår Ingrid fast med eit smil.

Lade på jobben

Med elsykkel er det heller ingen problem å sykle langt. 

– Eg har batteri liggande på jobben også, så om det er lang veg dit eg skal, kan eg lade.

Vi møter Ingrid Thaule Grasdalsmoen på Paradis bru, den nye gang- og sykkelbrua på Paradis som går rett over bybanespor og bilveg, med Paradiskrysset rett bortanfor.

Sparer tid

Paradiskrysset er ganske trafikkert, så der køyrer eg forbi alle, seier ho.

– Eg kan ikkje skjøne kvifor ikkje fleire syklar om morgonen. Eg sparer veldig mykje tid!

Ein annan fordel  med å sykle er at det gir ein god start på dagen.  

– Eg er eigentleg litt B-menneske, men eg vaknar når eg syklar. Eg får tenkt litt gjennom dagen.

Sjekk vêrmeldinga

Eit sykkeltips Ingrid har, er å starte planlegginga av turen dagen før:

– Vi bur jo i Bergen, og det er mykje vêr.  Eg sjekkar alltid vêrmeldinga kvelden før, og  legg fram tøy. Dermed er eg raskt klar med sykkelturen neste morgon.

Møt Ingrid og fire andre jobbsyklistar her: 

Les meir her