Miljøløftet med i forskningsprosjekt om samkjøring
Pilotprosjektet med samkøyring i Askøy og Øygarden blir en del av et nytt forskningsprosjekt hos Transportøkonomisk institutt og NTNU.
Innbyggarar i Askøy og Øygarden har det siste året hatt høve til å teste ut ei heilt ny teneste – ein app for samkøyring.
Det fungerer slik: Ein laster ned ein app, Nabogo, på mobilen. Der kan ein få eller tilby skyss med privatbil. Har du bil, får du betalt minst 15 kr for kvar passasjer du tek med. Er du passasjer, reiser du gratis dei første 10 kilometrane. Med periodebillett frå Skyss får du heile reisa inkludert.
Tenesta er eit pilotprosjekt som Skyss har innført i samarbeid med Miljøløftet, og har vore ein stor suksess.
No har Miljøløftet blitt med i eit forskningsprosjekt som skal studere samkøyringstenester. Prosjektet, som har fått namnet PURIST, skal hente erfaringar frå tre samkøyringstenester i Noreg: pilotprosjektet på Askøy og Øygarden, eit lignande tilbod på Byneset i Trondheim og ein teneste for bestillingstransport i Agder.
Kva gjer at nokon samkøyrer, mens andre ikkje? Korleis påverkar samkøyring bilbruk og reiseåtferd? Korleis kan ei samkøyringsteneste fungere best mogleg? Det er nokre av spørsmåla som prosjektet vil undersøke.
Det er Transportøkonomisk institutt og NTNU som skal forske på samkøyring, med god hjelp frå forskare på univeritetet i Kiel og Georgia Tec, samt ein rekkje samarbeidspartnare, deriblant Miljøløftet og Skyss.