Ei bru like lang som fem sjiraffar
Over 400 elevar var på plass under opninga av gang- og sykkelbrua Paradis bru. Og verdas tyngste og lengste komposittbru vart grundig feira.
Fylkesordførar Jon Askeland tok i bruk dyreriket for å forklare kor lang og tung Paradis bru eigentleg er:
– Den er 42 meter lang, like lang som fem liggande sjiraffar. Og den veg 48 tonn, like mykje som ti elefantar, sa han til stor jubel frå dei over 400 frammøtte elevane frå Paradis skule.
Varaordførar i Bergen, Thomas Flesland, fortalte i sin opningstale han i sitt sivile liv er ingeniør, og glad i bruer. Han sa seg imponert over både konstruksjonen og operasjonen med å få brua på plass.
Frakta over sjø og land
Paradis bru er nemleg bygd ferdig i Arendal, og deretter frakta i eit stykke heile vegen til Bergen, inn forbi Straume bru med centimeters presisjon, og vidare på svingete vegar heilt fram til Paradis.
Her vart brua løfta på plass natta til 26. september. Og etter ein del etterarbeid med mellom anna rekkverk kunne altså brua opne.
Tryggare for gåande og syklande
Brua er 7 meter brei, med god plass til både syklande og gåande i begge retningar, og gjer det både tryggare og enklare å krysse bilveg og bybanespor på Paradis.
Jon Askeland fekk også æra av å klippe snora for Miljøløftet-prosjektet, saman med Thomas Flesland og to representantar frå elevrådet ved Paradis skole, leiar Julia Morland Kristiansen og nestleiar Henrik Matheo Espedal.
Skulekorpset bidrog både med fanfare og Ja vi elsker, og etterpå var det bollar, jus og kaffi til alle dei frammøtte.
Halverte CO2-utslepp
Brua er produsert av firmaet Csub i Arendal. Prosjekterande har vore Fireco. Hovedentrepenør er Consto, og Håkon Tryti Nilssen har vore prosjektleiar hjå Vestland fylkeskommune.
Resultatet er ei bru som er eineståande i sitt slag. Ho er produsert med halvparten av CO2-utsleppet av ei vanleg bru. Og sjølv om brua er laga i plastkompositt, skal ho ikkje sleppe frå seg mikroplast.
Den største kjelda til mikroplastutslepp er biltrafikken under brua, som fylkesordførar Jon Askeland påpeikte i sin tale.
Foto: Silje Alvsaker, Vestland fylkeskommune
Sjå transporten av Paradis bru her:
Karusell som viser flere bilder. Den kan navigeres ved å bruke piltastene, eller ved å trykke på knappene for forrige og neste bilde. Du kan også klikke på bildet for å få en større versjon. Etter du har klikket på bildet kan du fortsatt navigere mellom bildene i karusellen i en større versjon.