Auka positivitet til Miljøløftet
64 prosent av innbyggarane i Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden har høyrt om Miljøløftet, og av dei er 69 prosent positive, viser ei ny haldningsundersøking gjort i desember 2023. Undersøkinga viser og ei auka positiv haldning når det gjeld tema som bybane, bompengar, snøggbåt og kollektivprioritering.
Haldningsundersøkinga er gjort kvart år sidan 2018 i Bergen. Frå 2021, etter at fire nye kommunar kom med i byvekstavtalen, er også Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden med i undersøkinga.
Fleire unge har høyrt om Miljøløftet
Andelen av dei som har høyrt om Miljøløftet samla sett har gått opp frå 61 prosent i 2021 til 64 prosent i 2023. 69 prosent av dei som har høyrt om Miljøløftet er ganske eller svært positive, mot 66 prosent i 2021.
Det er ein markant auke i kjennskap i aldersgruppa 20–29 år, frå 37 prosent i 2022 til 58 prosent i 2023.
81 prosent av bergensarane er positive til Bybanen
Haldninga til Bybanen er også blitt meir positiv. For Bergens del er 81 prosent positive, opp frå 74 prosent i 2021. Samla for dei fem kommunane er 77 posent ganske eller svært positive, mot 66 prosent i 2021.
Mindre negativitet til bompengar
Andelen innbyggarar som er ganske eller svært positive til bompengar har auka frå 35 prosent i 2021 til 44 prosent i 2023. Her er det likevel ein markant forskjell mellom Bergen og omlandskommunane. For Bergens del er det 50 prosent som oppgir at dei er ganske eller svært positive til bompengar, mot 44 prosent i 2021.
Fleire vil ha kollektivfelt
Undersøkinga spør også om haldningar til å omdisponere køyrefelt til kollektivfelt, slik at bussen kjem fortare fram. Her er det 82 prosent som er ganske eller svært positive, mot 76 prosent i 2021.
Vil gjerne reise sjøvegen
Alle innbyggarane har fått spørsmål om si haldning til hurtigbåt mellom Bergen og omlandskommunane. Her er 84 prosent av bergensarane positive, medan 83 prosent er positive til hurtigbåt mellom Bergen og sin kommune. I Askøy og Alver, som allereie har hurtigbåt til Bergen sentrum, er dei særs godt fornøgde med tilbodet – 99 prosent av innbyggarane i Askøy og 96 prosent av innbyggarane i Alver er ganske eller svært positive til hurtigbåt.
Haldningsundersøkinga for 2023 er utført av Opinion mellom 1800 respondentar, rundt 600 i Bergen og 300 i kvar av dei fire omlandskommunane.
Foto: Thor Brødreskift