Årsmeldinga for 2023 er klar

Lurer du på kva vi fekk gjort gjennom Miljøløftet i 2023? Eller korleis det eigentleg går med målet om nullvekst i personbiltrafikken? Årsmeldinga for Miljøløftet gir deg svara.

Årsmeldinga rapporterer på kvar pengane i Miljøløftet kom frå og kva dei blei brukte til. Her får du ei oversikt over alle prosjekt som er sett i gang gjennom Miljøløftet, og statusen for dei. Og du ser utviklinga i transportmiddelbruk, arealbruk og parkering for dei fem kommunane i Miljøløftet-samarbeidet.

Nullvekstmålet nådd, så vidt

Målet for byvekstavtalane og Miljøløftet-samarbeidet er nullvekst i personbiltrafikken. Utviklinga blir målt som ein såkalla tre-årig glidande indeks, altså snittet for dei tre siste åra. Her får vi (framleis med hjelp av trafikknedgangen under pandemien) gode tal for 2023. Om vi måler 2023 isolert opp mot referanseåret 2018 ligg vi også innanfor nullvekstmålet  biltrafikken var lik begge åra. Men utviklinga det siste året gir grunn til uro: Om vi samanliknar 2022 med 2023 ser vi ein auke i biltrafikken på 1,1 prosent.

Stor auke i kollektiv

Samla sett tyder tala på at vi reiser meir. Også kollektivtala aukar, spesielt i Bergen og spesielt på bane, der det er ein auke i påstigningar på heile 63,4 prosent samanlikna med 2018. Tendensen er den same for tog, båt og buss. Alle desse transportmidla fekk ein nedgang i påstigningar under pandemien, men er no oppe godt over 2018-nivå.

Sykkeltunnelane opna

Eit høgdepunkt for året var opninga av dei nye gang- og sykkeltunnelane Fyllingsdalstunnelen og Kronstadtunnelen, og for resten av sykkelvegen mellom Fyllingsdalen og Bergen sentrum.

Fleire andre prosjekt vart også ferdigstilt: Sykkelvegen Allestadvegen-Skarphaugen sto ferdig. Kvamsbrekko i Alver kunne opne med utvida vegbane og nytt fortau. Det vart opna ein ny undergang for gåande og syklande under Idrettsvegen på Straume, og ny undergang under E39  i Knarvik i Alver. I Bjørnafjorden var innfartsparkeringsanlegget i Lyseparken utvida.

Samtidig var det nye prosjekt på trappene i alle dei fem Miljøløftet-kommunane.

Usikre sykkeltal

Sykkelindeksen baserer seg på teljepunkt i bergensområdet. Den viser ein nedgang i høve til referanseåret 2018. Her er likevel tala usikre, og det er sett i gang arbeid med å få betre teljingar av syklande.

Tal på syklistar i dei nye sykkeltunnelane Fyllingsdalstunnelen og Kronstadtunnelen, er ikkje med i sykkelindeksen.  Det vart registrert høvesvis 140 551 og 206 326 syklistar i dei to tunnelane i 2023.

Reisevaneundersøkinga (RVU) er ein støtteindikator i talfestinga av måloppnåinga. Her viser tala ein liten auke i sykkelandelen.

Les heile årsmeldinga her