– I dag opnar vi eit smykke av ein veg
Den 8. juni kunne fylkesordførar Jon Askeland klippe snora for den nye og utbetra Kvamsbrekko i Alver kommune. Det er det mange som er glade for.
Kvamsbrekko ligg langs fylkesveg 5776 i Alver kommune. Strekninga har vore smal, uoversiktleg og farleg for mjuke trafikantar, og planane og ønska om å gjere noko med den har vore mange. Då det i 2021 vart bevilga vel 10 millionar til prosjektet gjennom Miljøløftet, hadde Vestland fylkeskommune nok midlar til å gå i gang med arbeidet.
I februar 2022 var det byggestart, og 16 månader etter kunne altså fylkesordførar Jon Askeland offisielt opne den nye Kvamsbrekko.
Den gode kampen
Ved sidan av han sto Hans Olav Evensen og Geir Bruland Tonning, to eldsjeler som har kjempa for å gjere vegen tryggare i mange år. Ja, Evensen fekk til og med smidd seg eit sølvarmband, utan lås, med inngravert bilete av Kvamsbrekko, for å minne seg sjølv om å halde engasjementet oppe.
I mars i fjor, då arbeidet var i gang, kunne han endeleg gravlegge engasjementet og armbandet. Under opninga var han altså tilbake, saman med mange andre som ville feire at Kvamsbrekko var utvida med fortau og blitt meir trafikksikker og tenleg, både for gåande og syklande og for kollektivtrafikk.
Jon Askeland berømma Tonning og Evensen for kampen dei har kjempa for sitt lokalsamfunn, og for alltid ha gjort det sakleg og med eit smil.
– De har kjempa den gode kampen for å forbetre lokalsamfunnet. At vi står her og kan opne Kvamsbrekko i dag, viser kva betydning det har når alle spelar på lag, sa Askeland.
Eit maraton
Fylkesordføraren roste også entrepenøren Magne Hope AS for resultatet.
– I dag opnar vi eit smykke av ein veg. Dette er eit sjeldant flott stykke arbeid, sa Jon Askeland.
Alver-ordførar Sara Sekkingstad snakka om det lange arbeidet for å få finansiering til utbetring i Kvamsbrekko, heilt frå arbeidet starta i Statens vegvesen, til den siste delen av finansieringa kom på plass gjennom Miljøløftet.
Ho heidra også dei to eldsjelene Evensen og Tonning og takka dei for arbeidet dei hadde lagt ned.
Dei to fekk blomar og sjølve opningskniven til odel og eige.
– Tusen takk til alle som har støtta oss og tålt oss i alle desse åra, sa ein rørt Hans Olav Evensen.
– Det har vore tungt innimellom, men når eg har gått tom, har Geir dratt meg opp, og når Geir har gått tom har eg dratt han opp.
– Dette har vore ein maraton, med mange spurtar undervegs, sa Geir Bruland Tonning.
– Men i dag er vi endeleg i mål.
Betre for gåande og syklande
Gjennom arbeidet har Kvamsbrekko blitt utvida med to køyrebaner, og fått eit fortau som vil fungere som gang- og sykkelveg. Det er også bygd kantstopp for buss.
Kvamsbrekko går mellom Kvamme og Kvamsvågen, ei strekning på knappe 600 meter. Utbygginga er første del av ei større utbetring av Skarsvegen, frå Kvamme til krysset ved kommunal veg ved Fossavatnet.
Total kostnad for utbetringa av Kvamsbrekko er 32 millionar kroner. Av desse er vel 10 millionar kroner finansiert gjennom Miljøløftet, resten går over fylkesvegbudsjettet.
Kvamsbrekko, Alver
Karusell som viser flere bilder. Den kan navigeres ved å bruke piltastene, eller ved å trykke på knappene for forrige og neste bilde. Du kan også klikke på bildet for å få en større versjon. Etter du har klikket på bildet kan du fortsatt navigere mellom bildene i karusellen i en større versjon.