Gravla engasjement og armband

I ti år har Hans Olav Evensen kjempa for ny og trafikksikker veg. Engasjementet har materialisert seg i eit armband i sølv, utan lås.

KVA BETYR MILJØLØFTET FOR DEG? DEL 1
Tekst: Silje Alvsaker       Foto: Thor Brødreskift 

 

Sølvarmbandet blei eit symbol for saka han kjempa for.

– Eg gjekk nesten i grøfta. Eg måtte gjere noko for å halde engasjementet oppe, forklarar Hans Olav Evensen.

Han bur i Kvamsbrekko langs Skarsvegen i Alver, ein smal, bratt og uoversiktleg fylkesveg, utan fortau. Vegprosjektet har det vore snakka om lenge. Minst 40 år ifølgje Evensen. I 2021 kom Miljøløftet inn med resten av pengepotten som Vestland fylkeskommune trong for å bygge. I januar 2022 var prosjektet i gang.

Vegen skal no utvidast til to køyrebaner, og det skal byggjast gang- og sykkelveg. Det skal også byggjast kantstopp for buss.     

Ein idé

For tre år sidan fekk Evensen ideen. På armbandet hans er det inngravert eit bilde av ein buss på den smale vegen, etter eit faktisk foto han sjølv har tatt i Kvamsbrekko.

ALDRI GI OPP: "Brekko ÅDT 1300" står det på armbandet. ÅDT betyr årsdøgnstrafikk, snittet på bilar i døgnet. Armbandet, utan lås, var ei påminning om å halde engasjementet oppe, døgnet rundt. Foto: Thor Brødreskift

– Eg har vore på, ringt politikarar, Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune, det er mange som har tolt meg, og vore tolmodige med meg.

Då prosjektet nærma seg oppstart fekk han endå ein idé:  Sølvlenka skulle jo klippast når prosjektet var i gang. Kunne han få begrave armbandet og engasjementet på vegprosjektet?

Entreprenør Magne Hope sa sjølvsagt ja og stilte med avbitartang og gravemaskin. Ordførar Sara Hamre Sekkingstad fekk æra av å klippe.  

– Takk for engasjementet! Dette hadde vi ikkje fått til utan samarbeid, seier Sekkingstad.

ENDELEG: Alver-ordførar Sara Hamre Sekkingstad fekk æra av å klippe av armbandet som Hans Olav Evensen har hatt på i tre år. Foto: Thor Brødreskift

Samarbeid

Med seg i kampen har Evensen hatt Geir Bruland Tonning. Dei fann ut at dei kjempa same sak, men kvar for seg. Dei slo seg i hop.

ELDSJELER: Geir Bruland Tonning har kjempa i lag med Hans Olav Evensen for å få gjort noko med Kvamsbrekko.

– Mitt engasjement starta då eg flytta til Kvamsvågen med ei gravid kone i 2007 og såg kor farleg skuleveg barna mine hadde. Eg jobba då stillferdig opp mot lokalpolitikarar. Etter eit møte med dåverande ordførar Astrid Aarhus Byrknes, blei eg sett i kontakt med Hans Olav. Vi blei einige om ein strategi. Politikarane fekk verkeleg merke vårt engasjement og kampvilje, seier Tonning.

– Eg har vore laus kanon på dekk, medan Geir har jobba meir strukturert og systematisk. Lokalpolitikarane har spela på lag med oss heile vegen, og det er vi takknemlege for, seier Evensen.

Tonning er aktiv i FAU på Alversund skule, og kunne i desember 2021 motta trafikktryggingsprisen frå Vestland fylkeskommune.

Langtidsengasjement

Evensen har vore opptatt av trafikksikring sidan han som sjetteklassing sto med oransje flagg for å stoppa bilar, slik at andre skuleelevar kom seg trygt over vegen.

–  Oppvekstvilkåra blir betre her, skulevegen blir tryggare, og eg trur fleire vil gå tur og bevege seg meir. Eg gjer dette for dei som veks opp i dag, og for meg sjølv når eg hamnar i rullator.

GRAVLAGT: No får sølvarmbandet og engasjementet kvile i fred – midt i Kvamsbrekko. Foto: Thor Brødreskift